Pakke fra Amerika og garnkjøp.

Har bestilt t-skjorte fra Randi-K design. Så har eg hamstra litt Robust i fleirfarga, knall godt og mjukt garn. Det kom også pakke fra sokkegarn klubben,  Regia Softy og Heritage, Cascade Yarns + eit oppskriftshefte.

De kan sjå ut til at eg ikkje produserar noko for tida, men produksjonen er i full sving og resultatet kjem etterkvart :)

P1010582

P1010581

P1010580

Offentliggjort i:  on april 17, 2009 at 18:24 Kommentarer (15)

Har vore i Molde i helga :)

Eg har  vore på besøk hos Kristina/Trollmor i helga. Vi har kosa oss med shopping og god mat. Tusen takk for ei kjempe koselig helg vennen :)

Og eg har kjøpt meg det dyraste garnet eg nokon gong har kjøpt. Angoragarn til 390,- for 100gr…

Og 100gr Villsaugarn til 120,-

Så vart det med nokre stoffbitar og knappar.

Så fikk eg strikka ein Hals i Hubro på pinne nr 10.

Offentliggjort i:  on mars 1, 2009 at 21:12 Kommentarer (10)

Ei litt lang oppdatering.

Har ikkje blogga på ei stund, så her kjem det litt nytt.

Forge tirsdag var eg i Lysfjøsen, og der satt jammen veninda til Svanhild og venta på meg. Her er Hildur.

 

Vi har vore på hytta i helga, og fikk besøk av Lisje Snuppa med kjæresten. Dei kom med toget fra Oslo.

På turen til og fra hytta, er det heilt naturlig med en stopp på Rauma Ullvare. Der går eg kjapt til restekassene, og finner meg litt snadder. Her er fangsten fra denne turen.

På Jula fann eg dette geniale settet som eikvar kvinne med respekt for seg sjøl må ha. I ei lita lekker veske, ligger det meste vi trenger for å overleve i heimen.

På teppet Penrose har eg vel snart komt halveis.

Så låg det pakke til meg fra min HV på HB når eg kom heim. Dette er den mest spennandes og kreative pakken eg nokensinne har fått. Har en liten anelse om kven den er fra, uansett Tusen takk for gava.

Offentliggjort i:  on februar 16, 2009 at 21:17 Kommentarer (25)

Strikketreff og innkjøp.

I dag har vi vore på Lappestua på Strikketreff. Det var kjempe kjekt å treffe att damene. Det vart også tid til litt shopping. På Moa kjøpte eg meg nye leiker, Quick Knit. Dette anser eg mest som ei leike ja, men kan verte artigt å prøve.

På Lappestua kjøpte eg både garn og stoff. Med andre ord ein perfekt dag :)

På dette bilde ser vi Aria, Kristin Helene, Malva og Fru Dart (med ryggen til).

Her er Trollmor og Tove Lisbeth.

Kristin Helene og Aria.

Nærmast til venstre, Elligo.

Ojsann, sjekk stoff mannekengen.

Barbro, Tove Lisbeth og Wencha.

Fru Dart og Quilte Line.

Oppdatering.

Ja, denne helga gjekk fort, men slik er det når man er i godt lag. Det var utrulig kjekt! Tusen takk til Trollmor, som inviterte oss til Molde. Takker også Karipia, Wencha og Kristin Helene for at denne helga vart så flott som den vart!

Her er litt bilder fra helga.

Her koser vi oss med nydelig Lasagne som Trollmor har laga.

Wencha vaskar stoff til sying.

Trollmor i full konsentrasjon.

Baktus sjal strikka på pinne 3,5 i Fabel.

Calorimetry strikka i Regia på pinne nr 3. Har brukt knapt 20 gram.

Nok ein Ronilleklut.

Ny Hobby: Maskemarkørar.

Garnkjøp hos Trollmor.

Og til slutt har eg kjøpt meg arbeidlampe. Ein Ott Lite, knall godt arbeidslys.

Offentliggjort i:  on oktober 27, 2008 at 23:26 Kommentarer (13)

Kortvarig hyttetur.

Endelig hadde haustferien begynt, og vegen gjekk rett til fjells. Men det som skulle bli en 4-5 dagers tur slutta i dag, etter 2 dagar. Årsaken, 10 cm nysnø og en bil med sommardekk, så det var bare å komme seg heimatt.

Fuglane hadde flokka seg i store flokkar, og tydelig klare for turen til varmare strøk.

Fikk ikkje strikka så mykje, men et Baktussjal og pulsvarmera til Lisje Snuppa vart det av Bris garnet eg kjøpte.

På veg til hytta på fredag, så stoppa vi selfølgelig på Rauma Ullvare. Skulle ikkje ha så mykje denne gangen, berre litt klutegarn og nokre nøster til. Var også en snartur innom Josefine/ Helene på Bjorli på kaffibesøk. Kjekt å treffe deg att.

Offentliggjort i:  on oktober 5, 2008 at 16:06 Kommentarer (19)

Strikketreff på Lappestua.

I dag har vi vore på Lappestua på strikketreff. Kjempe koselig å treffe damene igjen. Timane fauk avgårde, slik som dei bruker når man har det kjekt. Trollmor hadde også tatt turen fra Molde, og det var utrulig kjekt å treffe deg att.

Her er Anlen og Elligo. Wencha, Fru.Dart og Malva var også på treffet, men eg har ikkje klart å få dei med på bilde.

Aria, Barbro og Trollmor.

Her har vi forfatterinnen Unni, med den kjempe flotte boka ho har gitt ut, og som eg sjølvsagt har kjøpt. Quilte Line i lilla og Guri(?).

Her er boka som eg kjøpte av Unni.

Så måtte eg da ha litt stoff.

Og litt garn vart også med heim.

Og til slutt måtte eg ha meg eit nytt målband, og dette var da så stili.

 

Har også fått pakke fra Sokkegarnklubben i dag. 2 nøster nydelig Lana Crossa og 2 nøster Mayflower.

 

Offentliggjort i:  on september 20, 2008 at 18:16 Kommentarer (18)

Tananger Strikkelandstreff 2008.

Denne helga har 68 strikkegalne damer vore samla i Tananger. Vi budde på Hummeren Hotell, og treffet foregikk på Krabbeloftet. Tusen takk til Damene på Krabbeloftet, som organiserte og laga denne helga så vanvittig gøy for oss som kom på besøk.

Her er nokre bilder fra treffet:

Mon tro kva eg skal bruke alt garnet mitt til…

Åååå så nusseligt et par…

Og det vart handla i både pose og sekk.

På Sandnes Ullvare var der gedigne garnhesper.

Så kjem vi til shoppinga. Dette kjøpte eg på Krabbeloftet.

Nokre nøster Viking Sportsragg.

Kaktus Quilt i Tananger gav oss meget gode rabatter.

Her har eg mildt sagt unna meg litt luksus.

Tilbake fra bussturen ei meget fornøgd Ronille med dagens fangst.

Å jada, har da fått strikka litt i helga også, denne kluten vart med Trollmor heim.

Litt av utsikta fra Hotellrommet.

Her er min kjære samboer i helga, Trollmor. Det var kjempe kjekt å bli kjent med deg, håper vi snart treffast igjen.

Offentliggjort i:  on september 8, 2008 at 18:50 Kommentarer (25)

Bursdagsgåve.

Ei veninde av meg hadde kjøpt et par nøste Alpakka i bursdagsgåve til meg. Ho hadde lagt dei fra seg i gangen heime, og når ho kom heim fra jobb dagen etterpå hadde Felix, hunden deira kosa seg med garnnøsta eg skulle få i gåve. Slik ser dei ut.

Så da kjøpte ho nokre nye nøster til meg, pluss et brett med pusekattknappar.

Offentliggjort i:  on juni 29, 2008 at 18:20 Skriv en kommentar
Tags: