Ja kjære bloggvenner, eg er her fortsatt. Men mykje har skjedd den siste tida. Som kjent har eg gjeve ut ei sokkestrikkebok, og no er eg i oppstartfasen med Garnkroken. Eg har sagt opp jobben min som styrar i barnehage (har eit 70% vikariat i år) og startar garnbutikk i Ørsta 17 oktober 2009. Dette er ein draum eg har hatt i mange år, og no vert den realisert.
Helga 18.- 20. september, arrangerte vi Strikk i Ørska. Ein knall suksess som vert reprise på neste år.
Strikkesamling på fjellet.
Kristin Helene Ødegård, Ellinor «Ronille» Kvammen, Kristina «Trollmor» Fremstad og Wenche «Wencha» Hovde Otlo stod bak strikketreffet på Ørskogfjellet.
Artikkelen er skrive av Helene Henriksen.
Enkelte tar hobbyen sin til nye høgder. Som damene som reiser over halve landet, for å sitje ei heil helg på Ørskogfjellet og strikke, saman med gode nett-venner.
Somme vil hevde at våre gamle handverkstradisjonar er i ferd med å gå i gløymeboka. Samstundes er det i dag lettare enn nokon gong for personar med «smale» interesser å komme i kontakt med likesinna. Oppblomstringa av handarbeidsforum og strikkebloggar på nettet gjer at online-kontakt erstattar
den gode gamle handarbeidsforeninga.
Men av og til er det kjekt å treffast ansikt til ansikt og.
Ei av dei ivrige nett-strikkarane er Kristin Helene Ødegård frå Tresfjord. Med eigen strikkeblogg, mange nett-venner og ei strikkeinteresse noko over gjennomsnittet har ho også deltatt på samlingar for dei strikkefrelste.
Ønsket om eit lokalt treff dukka opp, og saman med tre andre strikke-bloggarar frå fylket vårt
– Vi har delteke på liknande treff andre stader i landet, og hadde veldig lyst til å få til noko her i fylket, fortel Kristin Helene, Wencha, Trollmor og Ronille, som er arrangørane sine nett-nick.
Deltakarane har komme med fly, tog og buss frå dei fleste kantar av landet, frå Rogaland i sør til Trøndelag i nord. I overkant av 50 damer i alderen 20-60
har brukt ei heil finevershelg til å sitje inne på Fjellstova og strikke. Innimellom omgangane har det visst blitt nokre fjellturar også.
– Ikkje alle har vore på denne kanten av landet før, og er veldig imponert over landskapet her. Fjellet er jo kjempefint på denne tida av året, seier arrangørane.
Fine fargar var det også innandørs, der heile seks butikkar hadde tatt med seg utval i garn og stoff for å freiste deltakarane.
– I staden for å arrangere utflukter til butikkane har vi invitert dei hit, fortel arrangørane.
– Heile helga har det vore strikking, kos og sosialt samvær.
Vi har kosa oss veldig i lag, og det er kjekt å treffe personar som ein berre har møtt på nettet tidlegare.
Men med så mange strikkedamer på ein plass er nok det beste mønsteret ein rett, ein rett, ein rett, spøker arrangørane.
– Vi blitt veldig godt tatt vare på av vertsskapet på Fjellstova. Maten er kjempegod, og dei har stått på pinne for oss heile helga, seier dei fire initiativtakarane.
Og det nederlandske vertsskapet fekk ei ekstra helsing frå dei fornøgde strikkarane. I løpet av helga produserte dei nemlig også to par heimestrikka sokkar, der alle deltakarane var med å strikke nokre omgangar.
Dei har allereie planer om å gjenta suksessen neste år.
Samlinga hadde fått det treffande namnet «Strikk i Ørska», og dei
fleste deltakarane var rekrutterte frå forumet «Hobbyboden».
Har ein tidlegare kollega som har termin i desse dager, og eg har strikka litt ymse til ho. Baby bootisane er fra boka mi, Mauds Hjerte.

I sommar var eg og mamma ei veke i Tyrkia, Side. Vi hadde det kjempe flott på alle måtar, men angra bittert på at vi ikkje tok 2 veker, for det har stort sett regna sidan vi kom heim.
