Ei lita oppdatering.

Ja kjære bloggvenner, eg er her fortsatt. Men mykje har skjedd den siste tida. Som kjent har eg gjeve ut ei sokkestrikkebok, og no er eg i oppstartfasen med Garnkroken. Eg har sagt opp jobben min som styrar i barnehage (har eit 70% vikariat i år) og startar garnbutikk i Ørsta 17 oktober 2009. Dette er ein draum eg har hatt i mange år, og no vert den realisert.

Helga 18.- 20. september, arrangerte vi Strikk i Ørska. Ein knall suksess som vert reprise på neste år.

Strikkesamling på fjellet.

image

Kristin Helene Ødegård, Ellinor «Ronille» Kvammen, Kristina «Trollmor» Fremstad og Wenche «Wencha» Hovde Otlo stod bak strikketreffet på Ørskogfjellet.

Artikkelen er skrive av Helene Henriksen.

Enkelte tar hobbyen sin til nye høgder. Som damene som reiser over halve landet, for å sitje ei heil helg på Ørskogfjellet og strikke, saman med gode nett-venner.

Somme vil hevde at våre gamle handverkstradisjonar er i ferd med å gå i gløymeboka. Samstundes er det i dag lettare enn nokon gong for personar med «smale» interesser å komme i kontakt med likesinna. Oppblomstringa av handarbeidsforum og strikkebloggar på nettet gjer at online-kontakt erstattar
den gode gamle handarbeidsforeninga.
Men av og til er det kjekt å treffast ansikt til ansikt og.

Ei av dei ivrige nett-strikkarane er Kristin Helene Ødegård frå Tresfjord. Med eigen strikkeblogg, mange nett-venner og ei strikkeinteresse noko over gjennomsnittet har ho også deltatt på samlingar for dei strikkefrelste.
Ønsket om eit lokalt treff dukka opp, og saman med tre andre strikke-bloggarar frå fylket vårt

– Vi har delteke på liknande treff andre stader i landet, og hadde veldig lyst til å få til noko her i fylket, fortel Kristin Helene, Wencha, Trollmor og Ronille, som er arrangørane sine nett-nick.
Deltakarane har komme med fly, tog og buss frå dei fleste kantar av landet, frå Rogaland i sør til Trøndelag i nord. I overkant av 50 damer i alderen 20-60
har brukt ei heil finevershelg til å sitje inne på Fjellstova og strikke. Innimellom omgangane har det visst blitt nokre fjellturar også.
– Ikkje alle har vore på denne kanten av landet før, og er veldig imponert over landskapet her. Fjellet er jo kjempefint på denne tida av året, seier arrangørane.

Fine fargar var det også innandørs, der heile seks butikkar hadde tatt med seg utval i garn og stoff for å freiste deltakarane.
– I staden for å arrangere utflukter til butikkane har vi invitert dei hit, fortel arrangørane.
– Heile helga har det vore strikking, kos og sosialt samvær.
Vi har kosa oss veldig i lag, og det er kjekt å treffe personar som ein berre har møtt på nettet tidlegare.
Men med så mange strikkedamer på ein plass er nok det beste mønsteret ein rett, ein rett, ein rett, spøker arrangørane.

– Vi blitt veldig godt tatt vare på av vertsskapet på Fjellstova. Maten er kjempegod, og dei har stått på pinne for oss heile helga, seier dei fire initiativtakarane.
Og det nederlandske vertsskapet fekk ei ekstra helsing frå dei fornøgde strikkarane. I løpet av helga produserte dei nemlig også to par heimestrikka sokkar, der alle deltakarane var med å strikke nokre omgangar.
Dei har allereie planer om å gjenta suksessen neste år.
Samlinga hadde fått det treffande namnet «Strikk i Ørska», og dei
fleste deltakarane var rekrutterte frå forumet «Hobbyboden».

image

Har ein tidlegare kollega som har termin i desse dager, og eg har strikka litt ymse til ho. Baby bootisane er fra boka mi, Mauds Hjerte.

P1020250

P1020251

P1020225

I sommar var eg og mamma ei veke i Tyrkia, Side. Vi hadde det kjempe flott på alle måtar, men angra bittert på at vi ikkje tok 2 veker, for det har stort sett regna sidan vi kom heim.

P1010911

P1010989

P1020037

Offentliggjort i:  on oktober 2, 2009 at 9:38 Kommentarer (15)

Raumatur.

I går var vi på Raumatur. Ca 10 HB damer i garnhimmelen. Eg har ikkje tatt bilder på Rauma, for det gløymte eg i alt “kaoset” i gjensynet med hobbydamene.

Eg handla ikkje så mykje denne gangen, men litt vart med heim da… Kjøpte også en pose full av bomullsgarn til damene i Husflidslaget. Tilsammen så klarte vi å få med oss ca 20 kilo garn.

Eg kjøpte litt Vamsegarn til Hyllehøner og litt garn til små prosjekt.

Fann denne boka også, som eg måtte kjøpe.

Etterpå hadde Kristin Helene og Anita laga til på Gildheim med nydelig salat, rundstykke og kaffi. Kake hadde Anita K laga. Her kosa vi oss og vi hadde ein fantastisk kjekke dag i lag.

Dei hadde ordna til eit lotteri, og eg vann desse nusselige søte baby bootisane og eit nøste OnLine.

Tusen takk for ein kjempe kjekke dag damer. Gleda meg til neste treff.

Offentliggjort i:  on mars 15, 2009 at 11:42 Kommentarer (12)

Strikketreff og innkjøp.

I dag har vi vore på Lappestua på Strikketreff. Det var kjempe kjekt å treffe att damene. Det vart også tid til litt shopping. På Moa kjøpte eg meg nye leiker, Quick Knit. Dette anser eg mest som ei leike ja, men kan verte artigt å prøve.

På Lappestua kjøpte eg både garn og stoff. Med andre ord ein perfekt dag :)

På dette bilde ser vi Aria, Kristin Helene, Malva og Fru Dart (med ryggen til).

Her er Trollmor og Tove Lisbeth.

Kristin Helene og Aria.

Nærmast til venstre, Elligo.

Ojsann, sjekk stoff mannekengen.

Barbro, Tove Lisbeth og Wencha.

Fru Dart og Quilte Line.

Ronille klutar.

Har strikka 2 klutar som skal sendast nordover til Stubbehufsa. Ho vart nr 140 000 besøkande i bloggen min :) Dei er strikka i Rapsodi på pinne nr 4.

Offentliggjort i:  on januar 22, 2009 at 21:14 Kommentarer (5)

Strikketreff på Lappestua.

I dag har vi vore på Lappestua på strikketreff. Kjempe koselig å treffe damene igjen. Timane fauk avgårde, slik som dei bruker når man har det kjekt. Trollmor hadde også tatt turen fra Molde, og det var utrulig kjekt å treffe deg att.

Her er Anlen og Elligo. Wencha, Fru.Dart og Malva var også på treffet, men eg har ikkje klart å få dei med på bilde.

Aria, Barbro og Trollmor.

Her har vi forfatterinnen Unni, med den kjempe flotte boka ho har gitt ut, og som eg sjølvsagt har kjøpt. Quilte Line i lilla og Guri(?).

Her er boka som eg kjøpte av Unni.

Så måtte eg da ha litt stoff.

Og litt garn vart også med heim.

Og til slutt måtte eg ha meg eit nytt målband, og dette var da så stili.

 

Har også fått pakke fra Sokkegarnklubben i dag. 2 nøster nydelig Lana Crossa og 2 nøster Mayflower.

 

Offentliggjort i:  on september 20, 2008 at 18:16 Kommentarer (18)

Oppdatering.

Jasåmenn, no har det jammen blitt fredag igjen… Hjelpes, no må eg snart ut med foten å bremse litt, tida fyker avgårde, eller rettare sagt den kjem. Har begynt å være Gressenke i turnus. Min kjære har begynt å reise fast 1 mnd, så skal han være heime 1 mnd.

Etter at eg kom heim fra Tananger, har forma vore dårlig. Har hatt noke guffe i nasa og halsen, så no går det i medisin i flytandes og fast form.

Har ei bestilling på et par tjukkelesta i str 43, som eg no er ferdig med. Dei skulle være lange og tjukke. Strikka i Robust på pinne nr 4.

Her er den berømmelige Promille kluten. Navnet dukka opp forge laurdag, litt seint på kvelden…. Fargen er egentlig lyslilla.

Denne kluten er strikka i dobbel Mandarin Petit. Den er kjempe fin i farge sjateringane, og det kjem som vanlig ikkje godt fram i bloggen.

Så har eg gløymt å blogge et par kjøp til i Tanager. Først og fremst boka til Vis2Vas. Denne må vel alle som strikker sokker ha, et must. Kjempe kjekt å treffe deg Vis2Vas, utrulig så utholdande du er tross alle smerter og ellers det du må stri med :)

På Husfliden i Stavanger fann eg desse flotte knappane i Porselen til 4 kr stk.

Eg fikk denne boka fra Karna, med ei personlig helsing i. Tusen takk Karna for boka, kjem heilt sikkert til å prøve meg på eit par votta, for dei er kjempe fine.

Offentliggjort i:  on september 12, 2008 at 8:01 Kommentarer (22)

Tananger Strikkelandstreff 2008.

Denne helga har 68 strikkegalne damer vore samla i Tananger. Vi budde på Hummeren Hotell, og treffet foregikk på Krabbeloftet. Tusen takk til Damene på Krabbeloftet, som organiserte og laga denne helga så vanvittig gøy for oss som kom på besøk.

Her er nokre bilder fra treffet:

Mon tro kva eg skal bruke alt garnet mitt til…

Åååå så nusseligt et par…

Og det vart handla i både pose og sekk.

På Sandnes Ullvare var der gedigne garnhesper.

Så kjem vi til shoppinga. Dette kjøpte eg på Krabbeloftet.

Nokre nøster Viking Sportsragg.

Kaktus Quilt i Tananger gav oss meget gode rabatter.

Her har eg mildt sagt unna meg litt luksus.

Tilbake fra bussturen ei meget fornøgd Ronille med dagens fangst.

Å jada, har da fått strikka litt i helga også, denne kluten vart med Trollmor heim.

Litt av utsikta fra Hotellrommet.

Her er min kjære samboer i helga, Trollmor. Det var kjempe kjekt å bli kjent med deg, håper vi snart treffast igjen.

Offentliggjort i:  on september 8, 2008 at 18:50 Kommentarer (25)