Ei lita oppdatering.

Ja kjære bloggvenner, eg er her fortsatt. Men mykje har skjedd den siste tida. Som kjent har eg gjeve ut ei sokkestrikkebok, og no er eg i oppstartfasen med Garnkroken. Eg har sagt opp jobben min som styrar i barnehage (har eit 70% vikariat i år) og startar garnbutikk i Ørsta 17 oktober 2009. Dette er ein draum eg har hatt i mange år, og no vert den realisert.

Helga 18.- 20. september, arrangerte vi Strikk i Ørska. Ein knall suksess som vert reprise på neste år.

Strikkesamling på fjellet.

image

Kristin Helene Ødegård, Ellinor «Ronille» Kvammen, Kristina «Trollmor» Fremstad og Wenche «Wencha» Hovde Otlo stod bak strikketreffet på Ørskogfjellet.

Artikkelen er skrive av Helene Henriksen.

Enkelte tar hobbyen sin til nye høgder. Som damene som reiser over halve landet, for å sitje ei heil helg på Ørskogfjellet og strikke, saman med gode nett-venner.

Somme vil hevde at våre gamle handverkstradisjonar er i ferd med å gå i gløymeboka. Samstundes er det i dag lettare enn nokon gong for personar med «smale» interesser å komme i kontakt med likesinna. Oppblomstringa av handarbeidsforum og strikkebloggar på nettet gjer at online-kontakt erstattar
den gode gamle handarbeidsforeninga.
Men av og til er det kjekt å treffast ansikt til ansikt og.

Ei av dei ivrige nett-strikkarane er Kristin Helene Ødegård frå Tresfjord. Med eigen strikkeblogg, mange nett-venner og ei strikkeinteresse noko over gjennomsnittet har ho også deltatt på samlingar for dei strikkefrelste.
Ønsket om eit lokalt treff dukka opp, og saman med tre andre strikke-bloggarar frå fylket vårt

– Vi har delteke på liknande treff andre stader i landet, og hadde veldig lyst til å få til noko her i fylket, fortel Kristin Helene, Wencha, Trollmor og Ronille, som er arrangørane sine nett-nick.
Deltakarane har komme med fly, tog og buss frå dei fleste kantar av landet, frå Rogaland i sør til Trøndelag i nord. I overkant av 50 damer i alderen 20-60
har brukt ei heil finevershelg til å sitje inne på Fjellstova og strikke. Innimellom omgangane har det visst blitt nokre fjellturar også.
– Ikkje alle har vore på denne kanten av landet før, og er veldig imponert over landskapet her. Fjellet er jo kjempefint på denne tida av året, seier arrangørane.

Fine fargar var det også innandørs, der heile seks butikkar hadde tatt med seg utval i garn og stoff for å freiste deltakarane.
– I staden for å arrangere utflukter til butikkane har vi invitert dei hit, fortel arrangørane.
– Heile helga har det vore strikking, kos og sosialt samvær.
Vi har kosa oss veldig i lag, og det er kjekt å treffe personar som ein berre har møtt på nettet tidlegare.
Men med så mange strikkedamer på ein plass er nok det beste mønsteret ein rett, ein rett, ein rett, spøker arrangørane.

– Vi blitt veldig godt tatt vare på av vertsskapet på Fjellstova. Maten er kjempegod, og dei har stått på pinne for oss heile helga, seier dei fire initiativtakarane.
Og det nederlandske vertsskapet fekk ei ekstra helsing frå dei fornøgde strikkarane. I løpet av helga produserte dei nemlig også to par heimestrikka sokkar, der alle deltakarane var med å strikke nokre omgangar.
Dei har allereie planer om å gjenta suksessen neste år.
Samlinga hadde fått det treffande namnet «Strikk i Ørska», og dei
fleste deltakarane var rekrutterte frå forumet «Hobbyboden».

image

Har ein tidlegare kollega som har termin i desse dager, og eg har strikka litt ymse til ho. Baby bootisane er fra boka mi, Mauds Hjerte.

P1020250

P1020251

P1020225

I sommar var eg og mamma ei veke i Tyrkia, Side. Vi hadde det kjempe flott på alle måtar, men angra bittert på at vi ikkje tok 2 veker, for det har stort sett regna sidan vi kom heim.

P1010911

P1010989

P1020037

Offentliggjort i: on oktober 2, 2009 at 9:38 Kommentarer (15)

Mauds Hjerte.

No er eg ferdig med den sokken som skal være hovedtittelen på boka mi, Mauds hjerte. Denne tittelen har eg valgt grunna ei kjempe snill dame med navn Maud Eng, som har sponsa meg med garn til boka mi. Håper ho vert fornøgd med sokken som er oppkallt etter ho :) Den er strikka i Austermann Royal, og har teknikken Tå Opp.

(Klikk på bilda for å få dei større).

P1010901

P1010902

P1010903

P1010904

P1010905

P1010907

Offentliggjort i: on juli 5, 2009 at 9:14 Kommentarer (23)

Ei lita oppdatering…

Her har det vore bloggtørke, men produksjonen pågår fortsatt for fullt. Boka er tenkt gå i trykken 10. august, det gleda eg meg til.

Har ellers slutta i jobben eg har hatt dei siste 3 åra, og skal byrje i ny jobb 3. august.

Fikk flotte blomster fra mine kjære gode kollegaer, som eg kjem til å sakne…

P1010889

P1010887

I går hadde eg bursdag og fikk kjempe fine blomster fra min kjære mann som er i Durban på jobb.

P1010891

Fra mi gode venninde i Tronheim fikk eg denne geniale dingsen til å henge håndklær i.

P1010890

Fra mi kjære veninde i Volda fikk eg denne nydelige Buskbomen.

P1010892

Ellers har eg som vanlig innimellom sokkestrikkinga produsert nokre klutar.

P1010888

No nyter vi fineværet og satsar på at det vil vare. Eg kjem nok til å stikke ein tur til varmare strøk i neste månad. Bloggen min vert oppdatert innimellom…

Ynskjer alle ein god sommar.

Offentliggjort i: on juni 26, 2009 at 10:46 Kommentarer (10)

Siste dagen i mai 2009.

På tide med ei lita oppdatering att. Eg har stort sett holdt på med sokkestrikkeboka, men inni mellom har eg også strikka nokre klutar.

Dei er strikka i dobbel Pandora på pinne 4,5.

P1010882

Offentliggjort i: on mai 31, 2009 at 19:16 Kommentarer (12)

Eit lite livstegn :)

Well, har ikkje blitt så mykje blogging i det siste. Men eg er fullt opptatt med å lage ei bok. Ei sokkestrikke bok, med grunnleggandes oppskrifter på sokker og tå opp sokker. Garnet er sponsa av Mauds Garn. No er 12 modellar ferdige, og er ute på teststrikking hos ymse snille strikkedamer. Boka er tenkt å kome ut i august-09. Gleda meg til den vert ferdig :)

Her er ein liten smakebit…

P1010652

Utenom sokkestrikkinga har det ikkje blitt tid til så mykje anna, bortsett fra eit par klutar.

P1010651

Offentliggjort i: on mai 10, 2009 at 9:24 Kommentarer (39)

Raspberry Chevron Afghan.

Er ikkje sikker på om eg er ferdig med teppet, så eg har ikkje begynt å sy det sammen enda. Venter til Lisje Snuppa kjem heim til Påske så får ho bestemme, sidan det er ho som skal ha teppet…

Offentliggjort i: on mars 29, 2009 at 13:23 Kommentarer (23)

Helene Harefrøken.

Denne oppskrifta har eg kjøpt HER. Har strikka ho i Iglo på pinne nr 6.

Offentliggjort i: on mars 20, 2009 at 9:12 Kommentarer (33)

Kjøkkenklut.

Har strikka eit par klutar som eg har kalla QuilteLine klutar. No viser det seg at det ikkje er same kluten som ho strikka, så her kjem oppskrifta slik eg strikker dei.

Legg opp 45 m på pinne 4- 4,5.

Strikk *3 vrang, 1 rett* avslutt med 1 vrang. Snu.

Strikk *3 vrang, 1 rett* avslutt med 1 vrang. Snu.

Fortsett til ønska lengde eller til nøstet er oppbrukt.

Eg har brukt dobbelt garn,1 tråd Mandarin Petit og 1 tråd Pandora.

Offentliggjort i: on at 9:07 Kommentarer (4)

Ei lita oppdatering.

I det siste har eg prøvd å få sydd litt, men ikkje noke stas å sitte ved symaskina med kranglete rygg. Fikk ferdig Sheep Siesta i går, så manglar eg litt på Jula varer helt til Påske. Held no på med lukkekanten, så mangler det litt applikering rundt egga og ansikta.

Eg har leita opp ein ufo som eg begynte på for ca 1 år sida, Raspberry Chevron Afghan teppe til Lisje Snuppa. Får sjå kor mykje eg gidd å strikke før eg vert lei att.

Offentliggjort i: on mars 5, 2009 at 9:43 Kommentarer (21)

Har vore i Molde i helga :)

Eg har  vore på besøk hos Kristina/Trollmor i helga. Vi har kosa oss med shopping og god mat. Tusen takk for ei kjempe koselig helg vennen :)

Og eg har kjøpt meg det dyraste garnet eg nokon gong har kjøpt. Angoragarn til 390,- for 100gr…

Og 100gr Villsaugarn til 120,-

Så vart det med nokre stoffbitar og knappar.

Så fikk eg strikka ein Hals i Hubro på pinne nr 10.

Offentliggjort i: on mars 1, 2009 at 21:12 Kommentarer (10)