Ei lita oppdatering.

I det siste har eg prøvd å få sydd litt, men ikkje noke stas å sitte ved symaskina med kranglete rygg. Fikk ferdig Sheep Siesta i går, så manglar eg litt på Jula varer helt til Påske. Held no på med lukkekanten, så mangler det litt applikering rundt egga og ansikta.

Eg har leita opp ein ufo som eg begynte på for ca 1 år sida, Raspberry Chevron Afghan teppe til Lisje Snuppa. Får sjå kor mykje eg gidd å strikke før eg vert lei att.

Offentliggjort i:  on mars 5, 2009 at 9:43 Kommentarer (21)

Sheep Siesta.

Kjøpte stoff og mønster til denne duken på Syskrinet i Molde. Måtte selfølgelig ha ein duk med sauer på. Fikk for lite stoff til ramma rundt, men laga nokre firkantar i hjørna.

Offentliggjort i:  on mars 4, 2009 at 13:34 Kommentarer (10)

Jula varer helt til påske.

Har holdt på med denne påskeduken nokre dagar. I dag fikk eg limt på figurane og den er no klar for å quiltast (dersom det heiter det når en syr rundt figurane..). Er ikkje så flink til dette, men pysj pytt, godt nok for meg.

Offentliggjort i:  on februar 1, 2009 at 15:54 Kommentarer (28)

Strikketreff og innkjøp.

I dag har vi vore på Lappestua på Strikketreff. Det var kjempe kjekt å treffe att damene. Det vart også tid til litt shopping. På Moa kjøpte eg meg nye leiker, Quick Knit. Dette anser eg mest som ei leike ja, men kan verte artigt å prøve.

På Lappestua kjøpte eg både garn og stoff. Med andre ord ein perfekt dag :)

På dette bilde ser vi Aria, Kristin Helene, Malva og Fru Dart (med ryggen til).

Her er Trollmor og Tove Lisbeth.

Kristin Helene og Aria.

Nærmast til venstre, Elligo.

Ojsann, sjekk stoff mannekengen.

Barbro, Tove Lisbeth og Wencha.

Fru Dart og Quilte Line.

Gave til pappa.

Hadde lyst til å sy serviettholder til, da den første eg sydde var litt romslig. Inspirert av Ruth@ på HB, vart dette ei gave til pappa. Har hatt papir til å printe og stryke på stoff ei stund, men har ikkje prøvd det før i dag.

Offentliggjort i:  on november 9, 2008 at 14:38 Kommentarer (5)

Sydag.

I dag starta eg og Kari ( Aria på HB) med friskt mot, med stoff og symaskin. Det viste seg at ingen av oss egentlig ikkje var noken ekspert på dette området. Dagen gjekk med blod, svette og tårer (lattertårer) Krokanis, Kokosbolle, kaffi og Troika. Vi trøbla og fikk tilslutt laga kvar sin sminkepung, og eg fikk sydd ein serviettboks omslag. Jauda, vi har hatt det kjempe gøy, har tatt opp mange sømmer, sydd feil, ødelagt glidelås etc. men konstanterte at det var dette vi lærte av.

Her er sminkepungane våre, den mørkaste er min.

Serviettholdaren, (måtte ha konsulenthjelp pr. tlf av Trollmor for å få det til..).

Offentliggjort i:  on november 7, 2008 at 17:12 Kommentarer (18)

Oppdatering.

Eg annonserte at eg hadde planer om å sy litt i helga, men planer er gode å ha uten å alltid å måtte gjennomføre dei…

Slik gjekk det med sy-planane mine…

Lappeteppet vokser sakte men sikkert, no har eg 119 ruter.

Så har eg begynt på en genser til meg sjøl. Strikka i Rauma Finull.

Offentliggjort i:  on august 31, 2008 at 19:38 Kommentarer (4)

Duken Bente fra AnnAKa.

Tadaaa, ferdig med duken. Kjøpte stoff og mønster på Lappestua, takk til Kadeto som hjalp meg. Eg har brukt litt tid på denne, for her var litt pirk med dei snorene. Torillvh skaffa meg vannoppløselig plast, til å ha opp på snorene når dei krusedullane skulle syast, tusen takk Torill. Uten denne plasten hadde eg aldri fått det til. Eg sikka over dei og stilkane med Sulky tråd. Blomsten vart kanskje litt for lik bakgrunnstoffet…. Eg er ivertfall egentlig kjempe fornøgd :)

 

Offentliggjort i:  on april 15, 2008 at 19:23 Kommentarer (15)

Har sydd litt. Some sewing.

Eg har sydd eit par vesker. Det storblomstrete stoffet har eg kjøpt på Jysk til 10 kr pr meter,syns det var friskt og fint. Så har eg sydd ei strikketøymappe à la Felisi, denne er med platevatt mellom stoffa.

Offentliggjort i:  on april 13, 2008 at 19:49 Kommentarer (11)

Har sydd en liten pung.

No har eg testa maskina og lært litt korleis den virkar. Og mitt første sy-prosjekt, vart en liten pung med glidelås. Det gjekk som en drøm å sy, sjølv om eg ikkje er så flink enda,  skal eg nok få mykje glede av symaskina mi framover. Angrar ikkje et sekund på denne invisteringa.

I have tested my new sewing machine.

Offentliggjort i:  on april 4, 2008 at 11:08 Kommentarer (19)