Tova votta.

No er eg ferdig med begge para i Kit nr 13 fra Sandnes. Hadde ikkje nok av garnet til paret i Fritidsgarn, men eg hadde ein rest som eg brukte under oppbretten.Sandnes er kontakta ang dette, så får vi sjå om dei endrar oppskrifta si. Dei er strikka på pinne nr 6, medan paret i Tove er strikka på pinne nr 4. Her var det nok garn.

Før toving

etter toving.

Offentliggjort i: on februar 1, 2009 at 13:28 Kommentarer (12)

Katten Pus.

Det som mange i går trudde kanskje var tekannevarmar eg strikka er no ferdig, og heiter Katten Pus. Og det er ikkje tekannevarmar, men en litt fantete kattepus. Kan ikkje skryte av at eg er så flink å brodere, så ansiktet vart litt rart… Men han er da litt søt også….. Oppskrifta har eg kjøpt HER. Eg har strikka han i Rosendahl på pinne nr 7.

Slik såg han ut før han fikk nokre runder i vaskemaskina, og deretter montert.

Offentliggjort i: on januar 3, 2009 at 18:21 Kommentarer (22)

Mitered Mittens.

No har eg også strikka eit par av desse vottane, fra boka til Elizabeth Zimmermann, Knitters Almanac. Men eg er ikkje fornøgd med dei, så eg kjem garantert ikkje til å strikke fleir. Dei er strikka i lilla Fritidsgarn på pinne nr 5, og tova på 60 grader i maskina. Bilda er av vottane før og etter toving.

 

Så har eg strikka ei lue til settet eg strikka tidligare. Vart ikkje heilt fornøgd med størrelsen på den første, men denne vart ikkje så mykje større enn den andre… Jaja, håper den passer.

Offentliggjort i: on oktober 7, 2008 at 15:14 Kommentarer (11)

Tova sitteunderlag. Felting.

Eg har testa ut litt toving. Skal ha Juleverksted på jobben, og Ungdomsskuleelevane skal tove Sitteunderlag og mus. Eg har ansvaret for denne gruppa og måtte da sjølvsagt teste ut dette på førehand. Eg brukte ei langpanne som eg hadde tyll i botnen og la ulla lagvis før eg begynte å tove.  Det tova seg veldig godt, men det var endel arbeid med det.

I shall have Christmas workshop at the School I work. And the students shall felt this thing to sit on when they are outside on mountai trip.

Så tova eg denne brikka, kanskje det blir et bilde…

Offentliggjort i: on desember 10, 2007 at 21:59 Skriv en kommentar

Nisser som har vaska seg. Santa Claus has been washed.

 

Da er endelig Nissane mine ferdig vaska og stuffa. Eg hadde laga nokre Nissar før eg meldte meg på Alongen, og resten har eg laga no. Har ikkje heilt bestemt meg for om dei skal ha auger eller ikkje. Syns egntlig dei er finast utan. Totalt har eg no laga 26 små, 8 medium og 1 stor. Det var fryktelig vanskelig å få tatt et skikkelig gruppebilde av denne gjengen, for dei sto fryktelig urolig under foto- seansen…

Now my Santa Claus are finished. Totally I have made 26 small, 8 medium and 1 large.

Dette er bidraget mitt til alongen.

Desse hadde eg fra før.

Og her er alle samla.

Offentliggjort i: on november 26, 2007 at 19:24 Kommentarer (12)

Siste bidrag til Påskealongen.

No er alle Hyllehønene, kyllingane og Henriettanene ferdige. Totalt vart det 7 Henrietta ( ei vart kalla Pricillia) 6 Hyllehøner og 5 kyllingar. Så no vert det ikkje fleir før til neste Påske :) Her sitter dei på verandaen og nyter ettermiddags sola, fryktelig som dei kakklar der ute…

Offentliggjort i: on mars 23, 2007 at 17:22 Kommentarer (4)

Uff, kvar vart det av kreativiteten min da?

 Ja no har eg grubla litt. Kom ikkje på noke veldig kreativt, det blir ei Henrietta til… Har litt som skal tovast, så eg lagar ei Henrietta eller to til.

Offentliggjort i: on mars 14, 2007 at 9:21 Skriv en kommentar

Hønsegården.

Her har Henrietta fått selskap av sine 3 søstre og 4 kyllingar.

Offentliggjort i: on mars 12, 2007 at 14:31 Kommentarer (5)

Henrietta og kyllingar.

No er Henrietta ferdig tova ilag med 2 kyllingar. Dette var gøy å strikke så her vert det nok fleire veninner til Henrietta.

Offentliggjort i: on mars 7, 2007 at 10:50 Kommentarer (8)

Hyllehøner.

Her er 4 hyllehøner ferdig tova. Dei 3 største er strikka i Fritidsgarn på pinne 7, den minste lysegrøne er strikka i Østlandsgarn på pinne 7. I botnet ligg ein pose med erter for at dei skal sitte stødigare. Nebbet har eg strikka og augene er tre-pærler som eg har mala svarte. Dei er ikkje heilt ferdige, skal få pynt på magen og ein haledusk :)

Offentliggjort i: on at 10:47 Kommentarer (5)