Vi har hatt ei flott helg i London. På DETTE hotellet budde vi flott og sentralt. Her er nokre bilder fra turen.
Weekendtur til Riga.
Ja så var vi heime att, etter nokre fantastisk flotte dagar i Riga. Natta var uutholdelig, for eg har hatt så låkt i nakken at det er ikkje til å tru. Når vi kom heim, var det rett på Legevakta. Har betennelse i nakken, og har spist alt for mykje Ibux. Så no er det totalt kvile og Paralgin Forte nokre dagrar.
Her er nokre bilder fra turen.
På dette Hotellet budde vi, i bakgrunnen til venstre på bilde. Eit flott Hotell, med Spa, som eg sjølvsagt ikkje fikk benytte grunna nakken min. Men eg tok manikyr, bærre for å føle litt luksus.

Denne brua som heiter Southern Bridge, rusla vi over kvar dag, og kom rett inn i Gamle Byen.

Det var fleire Marked i Gamle Byen, her solgte dei mykje rart. Mellom anna ein del strikka vottar og tjukkelesta. Torget var pynta med eit juletre med glitter og kuler, som blinka, og ikkje heilt min stil.

Vi kjøpte oss kvar vårt vottepar. Mange flotte mønster på Latvian Mittens.

Kjøpte også nokre hesper handfarga- og handspunne garn.

Til sau samlinga mi, fann eg desse to søte sauene.

I gatene sat folk å strikka og hekla og solgte produkta sine.


Og til slutt eit bilde av Ronille med lidande utrykk og låk nakke. Men vi har hatt det kjempe fint, sjølv om eg har fått lite med søvn.

Verdens beste datter fyller 20 år i dag.
Ojsann, tenk at Lisje Snuppa mi blir 20 år i dag. Heilt ufattelig kor fort tida har gått… Syns ikkje det er så lenge sida du vart fødd… No er du vel innstallert på Blindern Studenterhjem i Oslo, og har begynt på Allmenn Lærar utdanning på Høgskulen. Lykke til med studiane, og eg ønsker deg en kjempe fin dag. Stooor klem fra mamma.

Kommentar nr 2000.
Jepp, da er vinneren kåra, Mimouna vart den som kommenterte som nr 2000.
Bloggstatistikk
Total views: 88,297
Busiest day: 587 —
Views today:
Sum
Innlegg: 378
Kommentarer: 2,000
Kategorier: 22
Tagger: 21
Mangler nokre få kommentarer før eg har 2000. Bodil sin kommentar er nr 1992, her gjelder ikkje Gjesteboka, men kommentarer i bloggen. Dersom det vert du, så vil eg gjerne sende deg en liten ting i “premie”. Ha en fin søndag.

Eg har blitt Tagga.
Dolci har Tagga meg. Og eg her er reglane:
Pick up the nearest book.
Open on page 123.
Find the fifth sentence.
Post the next three sentences.
Tag five people, and acknowledge who tagged you.
Den nærmaste boka eg har er Fredags-strikkeklubben, av Kate Jacobs.
“Ikke i en eller annen mann som sendte henne en e-post eller en profil. Nei, hun hadde funnet en annen. En som alltid hadde vært der, men som hun aldri hadde skjenket så mange tanker. Seg selv. Det var fantastisk.”
Så skal eg Tagge 5 nye, og eg hermar etter Dolci, og tar dei 5 siste som har kommentert på bloggen min, og som ikkje har fått den før.
Hanne Beate, Solveig, Monamor, Medina og Hallingdama.
















































