Så glad i dag :)

I dag har eg og mamma vore på Eid og shoppa. Var på ein Rød Tråd og skulle ha nokre nøster med Opal, men det var dårlig utvalg, så eg endte opp med Fabel og Crazy. (Og et nøste Falk, som eg mangla til en Stjernehals). Dette skal det verte julegaver av. Eg har også handla Stoff og glidelås, som det skal bli sminkepung av. Det er første gang i mitt liv at eg har sikla over Stoffbitar i ein butikk 🙂

 

Og når eg kom heim, låg der pakke i postkassa til meg fra HV oktober. Jett om eg vart kjempe glad, for i pakken fikk eg 3 nøster Safir garn, 1 nøste Mystic Stretchgarn, 1 par øredobbar, Omgangsteller!! (det har eg ønska meg lenge), 1 maskemarkør, Servietter, 1 Brownies, (som på mystisk vis forsvann før eg rakk å ta bilde), te og masse sokke oppskrifter. Denne dama har virkelig lest ønsketråden min. Og eg har sterk mistanke om kven min venn er…, for ho har akkurat fått seg en knall rød bil og heiter Babsy og er verdens skjønneste Blogge- venninde!

Published in: on oktober 12, 2007 at 17:43  Comments (7)