Spiral sokkar.

Ferdig med eit par Spiralsokkar, strikka i Robust på pinne nr 3,5. Mønsteret har eg fått av BABSY, men eg har min egen «vri» på dei. Gubben stakk av med dei før eg fikk sukk for meg, for han ville teste ut kvaliteten som han sa… Han sliter Tjukkelestane på helane, så da gjenstår det å sjå om dei er slitesterke. Har allerede eit nytt par på pinnane, for dei var lette og raske å strikke.

Published in: on oktober 21, 2007 at 11:40  Comments (10)  

«Eksklusiv» kjøkkenklut.

Måtte teste ut oppskrifta på desse kjøkkenklutane som VIBBEDILLE har lagt ut. Dei er strikka i dobbelt patent, noko eg ikkje har strikka sidan eg gjekk på ungdomsskulen. Har brukt 2 nøster Bamboo fra Idena på pinne nr 4. Fann ut at eg sikkert kunne brukt pinne nr 3,5, men kluten vart vanvittig mjuk og deilig. Garnet har lett for å dele seg, men for eit eit fantastisk mjukt og godt garn 🙂

Published in: on oktober 21, 2007 at 11:34  Legg igjen en kommentar