«Fjellrypa».

Ja no er eg kjempe kry, for eg har sydd 4 spisebrikker. For første gang i mitt liv har eg skjært stoff, vlisofiksa, applikert, quilta og laga lukkekant. Dette har kosta både blod (stukke meg på nåla), svette og tårer. For eg har faktisk heilt ny symaskin, men når den sa kakk kakk og sydde kjempe stygt, vart eg så drittlei at eg begynte nesten å grine. Men plutselig kom eg på at eg skulle prøve å skifte nål, ojsann, kakk kakk lyden forsvann og maskina sydde ordentlig. Dette er bursdagsgave til pappa, som han skal ha på hytta. Tusen takk til Jorunn som hjalp meg i gang og til alle damene på HobbyBoden som har hjulpe meg når eg har spurt kjempe teite spørsmål.

 

 

Published in: on mars 23, 2008 at 22:42  Comments (39)  

Mars sokkane. March socks.

Ferdig med mars sokkane, Circle socks. Har strikka dei i Opal, som eg fikk fra Sidsel, på pinne 3. Eg valgte å ha mønster på oversida heilt fram til tåa.

Finished with march socks, Circle socks. Knitted in Opal on stitches nr 3.

Published in: on mars 23, 2008 at 13:10  Comments (6)