Sokker i Eskimo.

I går begynte eg på et par sokker i garnet eg fikk av Arielle. Brukte pinne nr 6, så dette gjekk fort, mønsteret finner du HER. Mangla litt garn, men dei hadde meir i Volda på Nettstrikk.

I morga reiser vi til fjells en tur med sekken full av garn og strikkepinner. Vi blir vekk til søndag, så eg ønsker alle som er innom ei fortsatt fin veke og god helg.

Published in: on juni 30, 2008 at 17:42  Comments (17)  

Julisokkane 2008.

 

Vi fikk julimønsteret litt tidligare denne omgangen. Vi kunne velge mellom ymse babysokkar, og eg har strikka Cable Rib Sock i babyull på pinne 2,5. Mønsteret er fra Kitting Daily.

 

Published in: on juni 29, 2008 at 18:26  Comments (16)  
Tags:

Bursdagsgåve.

Ei veninde av meg hadde kjøpt et par nøste Alpakka i bursdagsgåve til meg. Ho hadde lagt dei fra seg i gangen heime, og når ho kom heim fra jobb dagen etterpå hadde Felix, hunden deira kosa seg med garnnøsta eg skulle få i gåve. Slik ser dei ut.

Så da kjøpte ho nokre nye nøster til meg, pluss et brett med pusekattknappar.

Published in: on juni 29, 2008 at 18:20  Legg igjen en kommentar  
Tags:

En Award fra Babsy.

Ojsann, dette var da litt av en overraskelse. Kjære søte snille Babsy, TUSEN TAKK 🙂

Published in: on juni 27, 2008 at 8:30  Comments (11)  

Orkidè.

Må bærre vise fram dei to flotte Orkidèane eg fikk i går på bursdagen min. Pottene kjøpte eg sjøl av pengar eg også fikk i gåve.

Published in: on juni 26, 2008 at 18:51  Comments (16)  

Junisokkane 2008.

 

Da vart eg ferdig med junisokkane innan fristen. Dei er strikka i Babyull fra Europris på pinne nr 3. Mønsteret finner du HER.

Published in: on juni 26, 2008 at 18:48  Comments (4)  

Gratulerer med dagen.

I dag på bursdagen min, fikk døtra til mannen min ein gut. Han var 4300 gr og 53 cm, og alt er vel med mor og barn. Litt av en bursdagspresang. 

Published in: on juni 25, 2008 at 9:01  Comments (22)  

Husflidslaget har hatt utstilling.

I dag har Husflidslaget vårt hatt utstilling på Brudavollen, av ymse som medlemmane har laga. Ute var der nokre damer som satt med rokken og spinna garn. Inne var der både trearbeid, saum, strikk og broderier. Annonsa vart desverre ikkje trykt i avisa, men eindel folk kom innom alikavel.

Denne karen kunne kunsten å spinne med Handtein.

Her er utstillinga av arbeida mine.

 

 

Published in: on juni 22, 2008 at 17:26  Comments (12)  

Oppdatering.

Denne veka har eg strikka litt kluter av garnet eg kjøpte på Rauma. Klutane er strikka i ymse bomullsgarn på pinne nr 4.

Har strikka ein klut til i motsatt farge av den første eg laga. Er ikkje så glad i mercerisert garn, men resultatet er eg fornøgd med.

Ooops, nokre tastetrykk og vips så har du 40 nøster med garn. Eg har kjøpt Safir som eg skal strikke et par pledd av, 7,60 pr nøste er slett ikkje ille 🙂

Published in: on juni 22, 2008 at 10:32  Comments (3)  

Ronille sin kjøkkenklut.

På ferga heim fra jobb i går, satt ein kollega og strikka ein gryteklut. Da fikk eg ein ide til ein modifisert Ballbandklut, og enda opp med denne. Eg har brukt Cotton Lux fra Idena som eg vann i lotteriet til Kristin Helene og pinne nr 4.

Oppskrift:

Legg opp 49 masker på pinne nr 4 i farge A. 1. omg rett og 2. omgang vrang med farge A.

Skift til farge B og strikk 3 masker rett, tråden bak arbeidet og neste maske over på pinnen uten å strikke den, 3 masker rett, tråden bak arbeidet og neste maske over på pinnen uten å strikke den, fortsett slik ut omgangen snu.

1 maske rett, tråden på framsida av arbeidet, neste maske over på pinnen uten å strikke den, 3 rett osv ut omgangen snu.

Skift til farge A, strikk rett ut omgangen. No skal du ikkje snu, men begynne i andre enden med farge B, strikk 1 rett, tråden bak arbeidet, neste maske over på pinnen uten å strikke den, 3 rett osv ut omgangen snu.

 3 rett, tråden foran arbeidet, neste maske over på pinnen uten å strikke den, 3 rett osv ut omg. No skal du ikkje snu, men strikke vrang i farge A… Osv til ønska lengde.

Håper dette var forståelig, dersom ikkje så spør om uklarheiter. Lykke til 🙂

Published in: on juni 20, 2008 at 10:54  Comments (29)