Oppskrift på kjøkkenklut.

Det så mange som spør etter oppskrifta på desse klutane, så no legg eg ut oppskrifta her. Finner ikkje att linken der eg fann dei.

Bruk garn som er ca 95-100 meter pr 50 gram. Dersom du har tynnare garn, kan du legge det dobbelt, evt bruke tjukkare pinner.

Legg opp 48 masker på pinne nr 4.

1. omg. strikk 1 rett, 1 vrang ut pinnen, snu

2. omg. strikk alle maskane rett, snu

Gjenta desse 2 omgangane til nøstet er slutt, evt så langt du vil.

Håper dette var forståelig. Lykke til 🙂

Published in: on juli 24, 2008 at 17:12  Comments (47)  

Ida lagar Makramè.

For eit par dagar sidan, var Lisje Snuppa uheldig på jobb. Ho har fått sommarjobb på Eurospar, for å tjene seg nokre kroner til ho skal til Oslo å studere til hausten. Uhellet skjedde når ho skulle sette melk på melkekjøla, og melketralla kolva og ho fikk den over foten. Denne tralla veg over 100 kg, ho var veldig heldig som ikkje braut noko. Foten er opphoven og i alle regnbogens fargar. 

Derfor har vi kjøpt hamp og pærler, slik at ho kunne sysselsette seg med eit kvart. Dette fann ho fort ut av, og har no laga fleire armband og smykker 🙂

Kremt, arbeidsstillinga kan eg ikkje anbefale, men så mjuk i ryggen var sikkert eg også når eg var 20 år…

 

Published in: on juli 24, 2008 at 8:42  Comments (6)  

Julilua 2008.

Ferdig med julilua, men eg trøbla litt med starten. Fann ut at eg hadde for lite av det lyslilla garnet, samtidig som at eg hadde strikka feil. Da var det å rekke opp, og begynne på nytt. Lua er strikka i Østlandsgarn på pinne nr 4. Mønsteret finner du HER.

Published in: on juli 22, 2008 at 22:45  Comments (11)  

Framdrifts oppdatering.

Ja eg har ikkje fått ferdig noke denne veka. Har for det meste slappa av og kosa meg med hekling og strikking på dei 2 teppa eg har begynt på.

I går fikk eg bursdagsgave fra min kjære på etterskudd. Vi skal HIT onsdag 6. august. Det skal bli godt, for no er kroppen så stiv og støl av skodde og regn.

Heklateppet har no fått 51 ruter, og eg manglar 149.

Teppet til Lisje Snuppa vokser sakte men sikkert…

Published in: on juli 18, 2008 at 10:50  Comments (24)  

Hemmelig Venn pakke juli.

Eg har fått pakke fra min HV. Eg har fått 2 nøster Sisik, 2 nøster Alpakka, som eg trur skal bli Julilue av, sjokoladepuddingpulver og Norsk peppermiks. Et koselig kort med et hint som eg sikkert nok skal klare å finne ut av 🙂 Tusen takk for super pakke, har allerede kjøpt vaniljesaus så her blir det sjokoladepudding til dessert.

                                                       

 

Published in: on juli 18, 2008 at 10:41  Comments (1)  

Eg har fått en Award :)

  Denne har eg fått fra Anne Elise, tusen takk. Eg blir like glad og overvelda kvar gong noken setter pris på bloggen min. Opphavsmannen er Arte Y Pico. Denne er på engelsk, og her kjem reglane :

1. Recipients must pick 5 blogs they consider deserving of this award for creativity, design, interesting material, and for contributing to the blogging community in whatever language.

2. Each of the 5 selected blogs must include the name of the author and a link to his/her site to be visited by readers.

3. The recipient must show the award and indicate the name and link to the blog of the one that handed it to him/her.

4. All award recipients must include a link to the Arte y Pico site to inform all readers about the origin of this award. So I would like to pass to my friends:

1. Babsy: En blogg eg har lest heilt sidan eg begynte å blogge for 1 1/2 år sidan. Dessuten så fikk eg en så fin Award av ho, at det er ei glede å kunne gi noke tilbake. Babsy skriver kjempe flotte og morsomme innlegg i bloggen sin, og har alltid en kaffikopp klar til den som stikker innom.

2. Anne Elise: Ei kjempe koselig bloggveninde, som lager mykje fint, og har en kjempe inspirerande blogg. Det er alltid koselig å få besøk av ho i bloggen min. Tusen takk for Award og mange koselige kommentarar.

3. Kathrine: Denne bloggen er en av mine favoritter. Dama er kjempe flink til å sy og strikke, dessuten så er det masse inspirasjon å hente når det gjelder interiør.

4. Arielle: Enda ei kjempe god bloggvenninde. Dette er ein blogg som stadig er oppdatert med koselige små historier om strikking, scrapping og livet generellt.

5. Marihøna: Akkurat no har både ho og bloggen sommarferie, men dette er også en av mine faste besøksbloggar. I denne bloggen er det både strikking, hekling og flotte bilder fra kvardagslivet. En ryddig og koselig blogg.

 

Published in: on juli 12, 2008 at 22:53  Comments (9)  

Oppdatering.

Galskapen lenge leve, no har eg begynt på 2 tepper. Et Rasberry Chevron Afghan og et hekla teppe. Kremt, tålmodigheita mi er ikkje berømt for å være den beste, så dette er førehandsdømt til å verte laaaangtidsprosjekt.

 Har fått pakke fra Sokkegarnklubben.

På verandaen har eg 2 store krukker med Klematis. Den første blomsten som spratt ut for over ei veke sidan, var meget merkelig i forhold til dei andre blomstrane.

Vi har bryllupsdag i dag. Har vore gift med min kjære i 9 år.

Published in: on juli 9, 2008 at 15:50  Comments (29)  

Et nytt leiketøy.

Jepp, fruen har invistert i noke nytt å leike seg med. Den andre Bærbare maskina eg har brukt tilhører jobben og var begynt å bli ganske treig. Så da var det å slå til med ny maskin, for det trengte eg virkelig 🙂 Denne er super rask og har mykje plass og minne.

Published in: on juli 8, 2008 at 18:01  Comments (4)  

Tilbake fra hyttetur.

Ja, så er vi heime att etter nokre fantastisk flotte dagar på fjellet. Med temperatur over 25 grader på 1000 meters høgde, var det utrulig godt å være på fjellet. På veg til hytta stoppa mannen min automatisk på Rauma Ullvare, slik at eg fikk med meg nokre nøster på turen.

Så fikk eg besøk av Helene, Josefine på HB. Vi kosa oss til langt på kveld i solveggen. Kjempe kjekt å treffe deg att 🙂

På laurdag var eg og mannen min ein tur til Hjerkinn for å helse på Moskusen. Der det var en som var svært så nærme, men eg rakk ikkje å ta bilde før han byksa over elva. Totalt såg vi litt over 30 dyr denne dagen.

Og på toppen av dette fjellet, Snøhetta, var eg 25.07.87.

Så har eg fått strikka litt klutar, det var egentlig bare dette som var mulig å strikke i varmen. Begynte på et par sokkar, men ull vart litt for svett i varmen.

Og til slutt ein liten hyllest til desse flotte dyra, som gidder å drasse rundt på all denne ulla, slik at vi garnavhengige skal få meir garn å strikke av. Tusen takk til dokke 🙂 (Fårikål og pinnekjøtt snakker vi ikkje om her nei!)

Oooops holdt på å gløyme at eg faktisk også har fått lest et par bøker. Frank McCourt, «Engelen på det syvende trinn». Ei bok eg vil anbefale på det varmaste.

  

Og Tove Nilsen si bok «Sommer 2005». Ei fornøyelig bok.

Published in: on juli 6, 2008 at 20:10  Comments (11)