Oppskrift på kjøkkenklut.

Det så mange som spør etter oppskrifta på desse klutane, så no legg eg ut oppskrifta her. Finner ikkje att linken der eg fann dei.

Bruk garn som er ca 95-100 meter pr 50 gram. Dersom du har tynnare garn, kan du legge det dobbelt, evt bruke tjukkare pinner.

Legg opp 48 masker på pinne nr 4.

1. omg. strikk 1 rett, 1 vrang ut pinnen, snu

2. omg. strikk alle maskane rett, snu

Gjenta desse 2 omgangane til nøstet er slutt, evt så langt du vil.

Håper dette var forståelig. Lykke til 🙂

Published in: on juli 24, 2008 at 17:12  Comments (47)  

Ida lagar Makramè.

For eit par dagar sidan, var Lisje Snuppa uheldig på jobb. Ho har fått sommarjobb på Eurospar, for å tjene seg nokre kroner til ho skal til Oslo å studere til hausten. Uhellet skjedde når ho skulle sette melk på melkekjøla, og melketralla kolva og ho fikk den over foten. Denne tralla veg over 100 kg, ho var veldig heldig som ikkje braut noko. Foten er opphoven og i alle regnbogens fargar. 

Derfor har vi kjøpt hamp og pærler, slik at ho kunne sysselsette seg med eit kvart. Dette fann ho fort ut av, og har no laga fleire armband og smykker 🙂

Kremt, arbeidsstillinga kan eg ikkje anbefale, men så mjuk i ryggen var sikkert eg også når eg var 20 år…

 

Published in: on juli 24, 2008 at 8:42  Comments (6)