Ei lita oppdatering.

No har vi så vidt landa etter ei veke i Santorini. Vi har hatt det heilt fantastisk flott, og dette er ei øy eg virkelig kan anbefale å besøke.

Her kjem nokre bilder fra turen.

Her er hotellet vårt. Litt utanfor sentrum av Kamari, i eit stille og rolig område.

Dette er ho som driver hotellet ilag med mannen sin. Ho vaska og rydda heile dagen, så her var det gullandes reint både inne og ute.

Utanfor hotellet var det ein hage med flotte planter og tre, og ein del steinkunst.

Vi leigde bil ein dag, og fikk utforska øya på eiga hand. Byen Oia gjorde stort inntrykk, med husa opp på kvarandre i fjellskråninga.

I døråpninga på ein av butikkane i Oia satt denne nusselige hunden, som eg berre måtte ta eit bilde av.

Her var mykje flott lokal kunst og handverk, mellom anna ein butikk full av slike dokker.

Her er kyrkja, ikkje den Norske, men den Gresk Ortodokse. Desse var det sikkert hundrevis av på den vesle øya.

Og til slutt, ei meget fornøgd dame siste kvelden, med favoritt drinken Mojito 🙂

Ja, så lurer dokke sikkert på kor mykje eg har produsert denne veka, men der har eg vore skikkelig lat. Her er alt eg har laga denne veka…. Men eg har festa endane på 6 av dei….

Det var alt fra ferien, så no er det snart kvardag att. Skal ein snartur til Oslo på fredag.

I dag fikk eg pakke fra Torunn, jøss eg vart overraska. For ei stund sida hadde ho ei konkurranse i bloggen sin som eg vann. Og dette fikk eg i premie. Tusen takk. Gleda meg til å strikke klutar av dette garnet som eg ikkje har prøvd før.

Published in: on august 13, 2008 at 19:40  Comments (37)