Oppdatering.

Denne helga skal eg være heime og kose meg. Har endel prosjekter på pinnene som skal værte ferdig iløpet av helga. For 2 innlegg sida, runda eg 120 000 besøkande, men ingen som meldte fra at det vart dei. Så eg har hatt ei loddtrekning blandt dei som vart nærmast, og Greta vann. Pakke underveis i posten til deg. Da vi var i Molde, fikk eg denne flotte Engelen av Karipia.

Og her er helgas prosjekter: Pulsvarmere, sjal, baby genser og strømper.

Ønsker alle som er innom ei fin helg.

Advertisements
Published in: on oktober 31, 2008 at 9:49  Comments (23)  

Oppdatering.

Ja, denne helga gjekk fort, men slik er det når man er i godt lag. Det var utrulig kjekt! Tusen takk til Trollmor, som inviterte oss til Molde. Takker også Karipia, Wencha og Kristin Helene for at denne helga vart så flott som den vart!

Her er litt bilder fra helga.

Her koser vi oss med nydelig Lasagne som Trollmor har laga.

Wencha vaskar stoff til sying.

Trollmor i full konsentrasjon.

Baktus sjal strikka på pinne 3,5 i Fabel.

Calorimetry strikka i Regia på pinne nr 3. Har brukt knapt 20 gram.

Nok ein Ronilleklut.

Ny Hobby: Maskemarkørar.

Garnkjøp hos Trollmor.

Og til slutt har eg kjøpt meg arbeidlampe. Ein Ott Lite, knall godt arbeidslys.

Published in: on oktober 27, 2008 at 23:26  Comments (13)  

Litt nytt.

Har strikka 2 par strømper i Viking Sportsragg garnet eg kjøpte på Tananger turen, og ein kjøkkenklut. Dette er til Messa vi skal ha i Husflidslaget 15 november. I morga reiser eg på besøk til Trollmor på Molde, og skal ha ei fanatstisk kjekke helg. Ryggen min har begynt å krangle med meg igjen, så vi får sjå kva vi får laga i helga.

 

Bloggtellaren raser avgårde, og nærmar seg 120 000 besøkande. Dersom du er nr 120 000 på besøk, ventar det ein liten ting fra meg.

Ønsker alle som er innom ei fin helg.

 

Published in: on oktober 23, 2008 at 18:45  Comments (21)  

Awarder.

Eg har fått Awarder, fra Karipia og Synnøve. Tusen takk, dette setter eg stor pris på, kjekt at andre liker bloggen min og det eg fyller den med 🙂

Published in: on oktober 18, 2008 at 10:53  Comments (9)  

Hemmelig Venn oktober 2008.

 

 

Hipp hurra, pakke til meg i posten i dag. Og du verden så glad eg vart, dette var virkelig en flott pakke. Heimelaga nålpute og strikkepinnemappe. Passar perfekt il Harmony Wood mappa mi. Og 2 nøster Milk og Honey fra Viking, eit garn eg ikkje har prøvd før. Utifra kortet, og bloggbesøkrunde i går, fann eg kjapt ut kven pakken var fra, nemlig Umulie. Tusen hjertelig takk for den heilt perfekte gaven. 

Published in: on oktober 18, 2008 at 10:23  Comments (4)  

Oppdatering.

Denne veka har vore fryktelig travel på jobb, så eg var klar over at det ikkje vart så mykje tid til å strikke så mykje. Hadde eit mål om at eg skulle lage ein kjøkkenklut pr. dag til mini messa Husflidslaget skal ha 15. november. Har klart å lage 6 stk.

Har også klart å lage 3 WIP. Så får vi sjå om dei unngår å verte UFO’ar.

Published in: on oktober 18, 2008 at 10:12  Comments (5)  

Handtein.

Har lenge ønska meg ein Handtein, og no har eg fått det. Denne har ein pensjonert lærar laga til meg. Han viste ikkje korleis ein Handtein såg ut, så eg har forklart etter beste evne, og her er resultatet. Den er knall fin, og eg er så glad 🙂 Har ikkje fått testa den enda, må finne noke ull som høver.

På Garnbutikken i Volda hadde dei denne stoppesoppen, som eg bærre måtte ha. Huska godt da vi var små og mamma sat og stoppa tynnslitte tjukkelesta. (Well, eg kjem nok ikkje til å stoppe så mykje med den, men kjekt å ha).

Published in: on oktober 18, 2008 at 10:06  Comments (5)  

Troll.

Har endelig fått laga eit Troll. Det er ikkje heilt ferdig enda, må godkjennast av mottaker før eg tar siste finpussen. Ho ønska seg eit lite Troll, men dette er 45 cm på strømpelesten, muligens for stort? Trollet skal få ryggsekk og litt farge i ansiktet, på hender og føtter. Håper det faller i smak.

Har fått nytt kamera av min kjære mann som eg har testa litt. Her er det katten vår Burre som er fotomodell.

Published in: on oktober 12, 2008 at 13:42  Comments (28)  

Oktobersokkane 2008.

 

Da var sokkane ferdig. Men eg bomma fullstendig på mengde garn pr sokk, så eg fikk for lite (kremt, har eg kjøkkenvekt eller???) Så fargen på fellinga til tåa vart ulik, men pysj pytt, kva gjer vel det… Strikka i OnLine på pinne nr 2,5. Her finner du oppskrifta til Flutter-by sokkane.

Published in: on oktober 12, 2008 at 13:34  Comments (6)  

Oppdatering.

Så ei lita helga oppdatering. Denne veka har eg hatt haustferie, og har stort sett kosa meg og lada batteria. Har begynt på oktobersokkane, kjempe gøy mønster å strikke. Eg har nok valgt feil farge på garnet, for mønsteret kjem ikkje så godt fram. OnLine nøste har eg fått i gave, hugsa ikkje i farta fra kven.

I går fikk eg endelig begynt på et par Nisser og eit lite Troll, som eg har bestilling på. Skal gjere dei ferdig i helga.

Eg har strikka ein kjøkkenklut i Muskat fra Garnstudio.

 

 

Published in: on oktober 10, 2008 at 8:52  Comments (26)