Awarder.

Eg har fått Awarder, fra Karipia og Synnøve. Tusen takk, dette setter eg stor pris på, kjekt at andre liker bloggen min og det eg fyller den med 🙂

Published in: on oktober 18, 2008 at 10:53  Comments (9)  

Hemmelig Venn oktober 2008.

 

 

Hipp hurra, pakke til meg i posten i dag. Og du verden så glad eg vart, dette var virkelig en flott pakke. Heimelaga nålpute og strikkepinnemappe. Passar perfekt il Harmony Wood mappa mi. Og 2 nøster Milk og Honey fra Viking, eit garn eg ikkje har prøvd før. Utifra kortet, og bloggbesøkrunde i går, fann eg kjapt ut kven pakken var fra, nemlig Umulie. Tusen hjertelig takk for den heilt perfekte gaven. 

Published in: on oktober 18, 2008 at 10:23  Comments (4)  

Oppdatering.

Denne veka har vore fryktelig travel på jobb, så eg var klar over at det ikkje vart så mykje tid til å strikke så mykje. Hadde eit mål om at eg skulle lage ein kjøkkenklut pr. dag til mini messa Husflidslaget skal ha 15. november. Har klart å lage 6 stk.

Har også klart å lage 3 WIP. Så får vi sjå om dei unngår å verte UFO’ar.

Published in: on oktober 18, 2008 at 10:12  Comments (5)  

Handtein.

Har lenge ønska meg ein Handtein, og no har eg fått det. Denne har ein pensjonert lærar laga til meg. Han viste ikkje korleis ein Handtein såg ut, så eg har forklart etter beste evne, og her er resultatet. Den er knall fin, og eg er så glad 🙂 Har ikkje fått testa den enda, må finne noke ull som høver.

På Garnbutikken i Volda hadde dei denne stoppesoppen, som eg bærre måtte ha. Huska godt da vi var små og mamma sat og stoppa tynnslitte tjukkelesta. (Well, eg kjem nok ikkje til å stoppe så mykje med den, men kjekt å ha).

Published in: on oktober 18, 2008 at 10:06  Comments (5)