Mitered Mittens.

No har eg også strikka eit par av desse vottane, fra boka til Elizabeth Zimmermann, Knitters Almanac. Men eg er ikkje fornøgd med dei, så eg kjem garantert ikkje til å strikke fleir. Dei er strikka i lilla Fritidsgarn på pinne nr 5, og tova på 60 grader i maskina. Bilda er av vottane før og etter toving.

 

Så har eg strikka ei lue til settet eg strikka tidligare. Vart ikkje heilt fornøgd med størrelsen på den første, men denne vart ikkje så mykje større enn den andre… Jaja, håper den passer.

Published in: on oktober 7, 2008 at 15:14  Comments (11)  

Et par pulsvarmera.

No har eg strikka opp Bris garnet eg kjøpte på Lappestua. Til et par pulsvarmera gjekk det med kun 1 nøste på pinne nr 4. Fargen er egentlig lilla, men dei vert blå her i bloggen min.

Fann desse nydelige Rosene i hagen min no i dag. Litt av en kontrast fra snøstorm på søndag til Roser i hagen i dag.

 

Published in: on oktober 6, 2008 at 16:23  Comments (8)  

Snufs…

Uff, sjå kva som skjedde med Harmony Wood pinnen min, da eg skulle skru den av kabelen.

Published in: on oktober 6, 2008 at 8:31  Comments (13)  

Kortvarig hyttetur.

Endelig hadde haustferien begynt, og vegen gjekk rett til fjells. Men det som skulle bli en 4-5 dagers tur slutta i dag, etter 2 dagar. Årsaken, 10 cm nysnø og en bil med sommardekk, så det var bare å komme seg heimatt.

Fuglane hadde flokka seg i store flokkar, og tydelig klare for turen til varmare strøk.

Fikk ikkje strikka så mykje, men et Baktussjal og pulsvarmera til Lisje Snuppa vart det av Bris garnet eg kjøpte.

På veg til hytta på fredag, så stoppa vi selfølgelig på Rauma Ullvare. Skulle ikkje ha så mykje denne gangen, berre litt klutegarn og nokre nøster til. Var også en snartur innom Josefine/ Helene på Bjorli på kaffibesøk. Kjekt å treffe deg att.

Published in: on oktober 5, 2008 at 16:06  Comments (19)  

Septembersokken 2008.

                                                                                                                                                                        Ferdig med septembersokkane. Vart litt forsinka denne mnd, men håper det går bra alikavel.

Dei er strikka i Hjerte Sock 4, på pinne 2,5. Det raude mønsteret er strikka i Rauma Babyull.

 

No har eg begynt på ein velfortjent haustferie, og i dag går turen til hytta. Sekken er pakka full av garn og ymse strikkebøker eg har bestilt.

Ønsker alle som er innom ei fin helg.

Published in: on oktober 3, 2008 at 6:49  Comments (24)