1. søndag i advent.

Så tenner vi et lys i kveld, vi tenner det for glede.
Det står og skinner for seg selv og oss som er til stede.
Så tenner vi ett lys i kveld, vi tenner det for glede.

Published in: on november 30, 2008 at 14:31  Comments (5)  

Nissemor og Nissefar.

Har laga eit Nissepar til Husflidslaget sitt Julelotteri. Ei av dei driftige damene i laget vårt har strikka kleda, ei anna dame har laga bandet på skjørtet til Nissemor på Bandvev. I dag skal dei til Ivar Åsen Tunet, der dei skal stå på utstilling nokre veker i lag med dei andre flotte gevinstane ein kan vinne på lotteriet vårt. I tilegg har vi ei utstilling med Englar og hjerter der.

Published in: on november 23, 2008 at 11:16  Comments (27)  

Oppdatering.

Denne veka har vore ganske hektisk. Eg har sydd 5 serviettholdera, dei ligg no på Husflidslokalet, tek bilde av dei seinare. Så har eg nesten ferdigstilt 2 store Nissar, dei kjem det bilde av i kveld. Har strikka ei ullbukse til, i str 3/4 år.

Forige helg laga eg, mamma og pappa 15 kg Reinsdyrkjøttdeig.

Ønsker alle som er innom ei God Helg.

Published in: on november 22, 2008 at 10:07  Comments (8)  

Pakke fra Sokkegarnklubben.

 

 

 

 

Har fått pakke fra Sokkegarnklubben, 2 nøster Ragg-Strømpegarn, og noko eg må klø meg i haude for å forstå. Men trur det skal rekkast opp etterkvart som ein strikker. Jaja finn vel ut av dette også.

Published in: on november 22, 2008 at 10:00  Legg igjen en kommentar  

Award.

Eg har fått ein Award fra Monica. Tusen takk for denne søte Awarden. Eg gjev den vidare til Greta, Umulie, KaripiaTrollmor og Wencha.

Published in: on november 19, 2008 at 12:14  Comments (8)  

Oppdatering.

Ja da skal eg prøve å summere opp litt fra siste veka.

Har strikka eit par lommetøfler, ein stjernehals i Lerke og nokre Calorimetryar.

Har strikka ei ullbukse, str ca 2-3 år i OnLine, og så har eg begynt på ei til. Dette skal eg selge på Husflidsmesse 5. og 6. desember.

Så skulle eg så svært sy nokre serviettholdera til Lotteriet på Husflidsmessa. Hehe, det er ikkje symaskina det er noke gale med, men eg har en tendens å ikkje snu stoffet rett veg, slik at eg heile tida må ta opp godt sydde saumar… Æsj.

Så har eg shoppa litt stoff.

I dag har eg baka det eg kaller verdens beste brød. Her er 3 med fint rugmjøl, og 3 med grovt rugmjøl.

Hadde ein del Trumf poeng, og da har eg kjøpt nytt strykejern og ein rokkering. Men må vente med rokkeringen til korsryggen og hofta mi er litt bedre. Strykejernet er knall stilig, med lyd og lys 🙂

Når eg besøkte Trollmor, så hadde ho diverse fiskar, mellom anna ein Kampfisk. Eg hadde også lyst på ein, så eg har kjøpt denne, den heiter Knut Berit.

Og sist men ikkje minst, hels på SVANHILD. Er ho ikkje skjønn vel… Eg fikk være med på å stuffe ho på leikebutikken, ja, du leste rett, eg har vore på leikebutikk og kjøpt ho. Eg samlar som kjent på Sauer i ulike fasongar og variantar, så Svanhild måtte eg bæææærrre ha.

 

Published in: on november 14, 2008 at 19:45  Comments (22)  


Published in: on november 12, 2008 at 18:25  Comments (4)  

Gratulerer med dagen.

Tenk i dag blir gullklumpen min 17 år. Kjempe glad i deg 🙂

Published in: on november 12, 2008 at 0:11  Comments (15)  

Maskemarkøra.

Har fått laga nokre maskemarkøra. Litt pirkete arbeid dette for meg, men kjempe gøy.

Til salgs, 10,- for dei med sen og 15,- for dei med Karabinkrok.

 

Published in: on november 9, 2008 at 21:12  Comments (12)  

Gave til pappa.

Hadde lyst til å sy serviettholder til, da den første eg sydde var litt romslig. Inspirert av Ruth@ på HB, vart dette ei gave til pappa. Har hatt papir til å printe og stryke på stoff ei stund, men har ikkje prøvd det før i dag.

Published in: on november 9, 2008 at 14:38  Comments (5)