Oppdatering.

Ja da skal eg prøve å summere opp litt fra siste veka.

Har strikka eit par lommetøfler, ein stjernehals i Lerke og nokre Calorimetryar.

Har strikka ei ullbukse, str ca 2-3 år i OnLine, og så har eg begynt på ei til. Dette skal eg selge på Husflidsmesse 5. og 6. desember.

Så skulle eg så svært sy nokre serviettholdera til Lotteriet på Husflidsmessa. Hehe, det er ikkje symaskina det er noke gale med, men eg har en tendens å ikkje snu stoffet rett veg, slik at eg heile tida må ta opp godt sydde saumar… Æsj.

Så har eg shoppa litt stoff.

I dag har eg baka det eg kaller verdens beste brød. Her er 3 med fint rugmjøl, og 3 med grovt rugmjøl.

Hadde ein del Trumf poeng, og da har eg kjøpt nytt strykejern og ein rokkering. Men må vente med rokkeringen til korsryggen og hofta mi er litt bedre. Strykejernet er knall stilig, med lyd og lys 🙂

Når eg besøkte Trollmor, så hadde ho diverse fiskar, mellom anna ein Kampfisk. Eg hadde også lyst på ein, så eg har kjøpt denne, den heiter Knut Berit.

Og sist men ikkje minst, hels på SVANHILD. Er ho ikkje skjønn vel… Eg fikk være med på å stuffe ho på leikebutikken, ja, du leste rett, eg har vore på leikebutikk og kjøpt ho. Eg samlar som kjent på Sauer i ulike fasongar og variantar, så Svanhild måtte eg bæææærrre ha.

 

Published in: on november 14, 2008 at 19:45  Comments (22)