Nissemor og Nissefar.

Har laga eit Nissepar til Husflidslaget sitt Julelotteri. Ei av dei driftige damene i laget vårt har strikka kleda, ei anna dame har laga bandet på skjørtet til Nissemor på Bandvev. I dag skal dei til Ivar Åsen Tunet, der dei skal stå på utstilling nokre veker i lag med dei andre flotte gevinstane ein kan vinne på lotteriet vårt. I tilegg har vi ei utstilling med Englar og hjerter der.

Published in: on november 23, 2008 at 11:16  Comments (27)