Godt Nyttår.

Published in: on desember 31, 2008 at 15:02  Comments (14)  

Retrogenser.

På Julafta begynte eg på denne gensaren til Lisje Snuppa. I dag vart eg ferdig, og Lisje Snuppa vart kjempe fornøgd. Mønsteret er fra Dalegarn Retro, og eg har strikka den i Falk. Kjempe gøy å strikke slike modellar, for da slepp eg all monteringa til slutt.

Published in: on desember 29, 2008 at 16:38  Comments (45)  

Ei lita oppdatering.

Ja så er vi godt i gang med jula. På julafta kosa vi oss med pinnekjøtt. No har min kjære mann reist til Frankrike på jobb, og eg har ingen planer for resten jula, bortsett fra at eg skal kose meg og slappe av. Held på å strikke Retro genser til Lisje Snuppa.

Her er bilde av juletreet vårt, som på julafta uten forvarsel gjekk i golvet med et brak.

Og så et bilde av mor og datter.

Så ynskjer eg alle som er innom ei fortsatt fin og god jul.

Published in: on desember 26, 2008 at 12:41  Comments (16)  

Hemmelig venn november/ desember 2008.

 

 

No har eg opna HV pakken min. Klarte faktisk å vente til julafta. Eg har fått Evilla kunstgarn og te. Har ikkje klart å finne ut kven pakken er fra, men uansett, tusen takk for garn og te. Garnet skal bli til Bølgen etterkvart.

Published in: on desember 26, 2008 at 12:33  Comments (1)  

Blånisseluer.

No har eg strikka mine aller siste Blånisseluer. Dei går fort unna på Julebutikken, men no har eg heldigvis ikkje meir garn, og det vert heller ikkje kjøpt meir. Med andre ord, eg er lei av desse luene.

Published in: on desember 21, 2008 at 10:46  Comments (25)  

4. søndag i advent.

Vi tenner fire lys i kveld og lar dem brenne ned,
For lengsel, glede, håp og fred, men mest allikevel for fred
på denne lille jord, hvor menneskene bor.

Published in: on desember 21, 2008 at 9:47  Comments (1)  

Blånisselue og hals.

Har strikka ei Blånisselue til og ein hals. Kjappe prosjekt, og ikkje så slitsomt for nakken.

Published in: on desember 17, 2008 at 20:34  Comments (21)  

Lommetøfler.

Har strikka 2 par lommetøfler i Østlandsgarn på pinne nr 4. Det eine paret er ei bestilling.

Published in: on desember 15, 2008 at 13:23  Comments (6)  

Weekendtur til Riga.

Ja så var vi heime att, etter nokre fantastisk flotte dagar i Riga. Natta var uutholdelig, for eg har hatt så låkt i nakken at det er ikkje til å tru. Når vi kom heim, var det rett på Legevakta. Har betennelse i nakken, og har spist alt for mykje Ibux. Så no er det totalt kvile og Paralgin Forte nokre dagrar.

Her er nokre bilder fra turen.

På dette Hotellet budde vi, i bakgrunnen til venstre på bilde. Eit flott Hotell, med Spa, som eg sjølvsagt ikkje fikk benytte grunna nakken min. Men eg tok manikyr, bærre for å føle litt luksus.

 

Denne brua som heiter Southern Bridge, rusla vi over kvar dag, og kom rett inn i Gamle Byen.

Det var fleire Marked i Gamle Byen, her solgte dei mykje rart. Mellom anna ein del strikka vottar og tjukkelesta. Torget var pynta med eit juletre med glitter og kuler, som blinka, og ikkje heilt min stil.

Vi kjøpte oss kvar vårt vottepar. Mange flotte mønster på Latvian Mittens.

Kjøpte også nokre hesper handfarga- og handspunne garn.

Til sau samlinga mi, fann eg desse to søte sauene.

I gatene sat folk å strikka og hekla og solgte produkta sine.

Og til slutt eit bilde av Ronille med lidande utrykk og låk nakke. Men vi har hatt det kjempe fint, sjølv om eg har fått lite med søvn.

 

Published in: on desember 15, 2008 at 10:57  Comments (9)  

3. søndag i advent.

 

Så tenner vi tre lys i kveld, for lengsel, håp og glede.
De står og skinner for seg selv og oss som er til stede.
Så tenner vi tre lys i kveld for lengsel, håp og glede.

Published in: on desember 14, 2008 at 9:44  Comments (2)