Lommetøfler.

Har strikka 2 par lommetøfler i Østlandsgarn på pinne nr 4. Det eine paret er ei bestilling.

Published in: on desember 15, 2008 at 13:23  Comments (6)  

Weekendtur til Riga.

Ja så var vi heime att, etter nokre fantastisk flotte dagar i Riga. Natta var uutholdelig, for eg har hatt så låkt i nakken at det er ikkje til å tru. Når vi kom heim, var det rett på Legevakta. Har betennelse i nakken, og har spist alt for mykje Ibux. Så no er det totalt kvile og Paralgin Forte nokre dagrar.

Her er nokre bilder fra turen.

På dette Hotellet budde vi, i bakgrunnen til venstre på bilde. Eit flott Hotell, med Spa, som eg sjølvsagt ikkje fikk benytte grunna nakken min. Men eg tok manikyr, bærre for å føle litt luksus.

 

Denne brua som heiter Southern Bridge, rusla vi over kvar dag, og kom rett inn i Gamle Byen.

Det var fleire Marked i Gamle Byen, her solgte dei mykje rart. Mellom anna ein del strikka vottar og tjukkelesta. Torget var pynta med eit juletre med glitter og kuler, som blinka, og ikkje heilt min stil.

Vi kjøpte oss kvar vårt vottepar. Mange flotte mønster på Latvian Mittens.

Kjøpte også nokre hesper handfarga- og handspunne garn.

Til sau samlinga mi, fann eg desse to søte sauene.

I gatene sat folk å strikka og hekla og solgte produkta sine.

Og til slutt eit bilde av Ronille med lidande utrykk og låk nakke. Men vi har hatt det kjempe fint, sjølv om eg har fått lite med søvn.

 

Published in: on desember 15, 2008 at 10:57  Comments (9)