Gratulerer med dagen, bloggen min.

Japp, i dag har bloggen min bursdag. Det er nemlig 2 år sida eg begynte på den, og eg er fortsatt like glad i den.

I det siste har vi hatt eit eventyrlig flott vær her på Sunnmøre. Får alldelels vårfornemmelsar, med temperatur på rundt  10 grader. Og denne fant eg i bedet mitt i dag. Stakkars liten den er lurt trill rundt, snart kjem snøven og da blir det nok litt for kaldt for denne vesle spiren..

Published in: on januar 31, 2009 at 0:30  Comments (21)  

Er det eg som er dum eller??

No skjønner eg ingenting. Kjøpte eit Kit for tova votta. Begynte med friskt mot, og syns egentlig at dette var både kjekt og enkelt, men neida. For det første har eg overhode ikkje nok garn… Det skulle holde med 100 gr til og med herrestr, og eg strikker damestr. Har fulgt oppskrifta til punkt og prikke!

Så kjem eg til fellinga i tuppen: Sett 1 merke i  kvar side av votten. Strikk til 2 m før sidemerket, ta 1 m løs av, strikk 1 m, trekk den løse m over, 2 rett. Gjenta fellinga ved andre sidemerket.

Jammen, kan dette være mulig da?? Kvar kjem dei 2 rette m etter fellinga fra?? skal eg bare felle 1 m, eller?? Hiver votten vegg i mellom og sutrer litt for meg sjøl…

Published in: on januar 29, 2009 at 10:03  Comments (26)  

Klutar.

Har strikka nokre klutar. QuilteLine hadde ei ny klutoppskrift som måtte prøvast. Kjekt med litt forandring. Den kvite er strikka i Bamboo og den blå i 1 nøste dobbel Mandarin Petite på pinne nr 4.

Og så vart det ein Ronille klut også..

Published in: on januar 29, 2009 at 9:55  Comments (2)  

Gave og Awarder.

Gløymte å blogge gava eg fikk fra Trollmor i forge innlegg. Eg fikk stoff med søte sauer på, mønster og oppskrift og en nydelig englecharm.

Så har eg fått nokre Awarder. Dei er fra Kathrine, Garnengelen, Marita

Denne har eg fått fra Torunn.

Monica har gitt meg denne.

Fra ElinG, har eg fått ei utfordring. Eg skal vise bilde nr 6 i den 6. mappa mi med bilder… Ojsann, kva bilde kan det være mon tro…

Puuhhh, flaks, det var Hobbymappa mi, og et lite spøkelse som var på bildet, nemlig eit lappeteppe som strengt tatt burde være ferdig no…

IMG_1486

No har desse vore i omløp ei stund, så eg sender dei vidare til alle mine bloggvenna.

Published in: on januar 29, 2009 at 8:16  Legg igjen en kommentar  

Ei fantastisk kjekke helg :)

På torsdag fikk eg besøk av Kristina/ Trollmor, ho hadde med seg søtnosen Gizmo. Vi har skravla og kosa oss heile helga, og tida gjekk desverre så alt for fort. Håper at det ikkje er så lenge til vi treffast att. Her er nokre bilder fra helga.

Og dette er alt eg har klart å produsere denne helga…

Published in: on januar 25, 2009 at 20:11  Comments (19)  

Strikketreff og innkjøp.

I dag har vi vore på Lappestua på Strikketreff. Det var kjempe kjekt å treffe att damene. Det vart også tid til litt shopping. På Moa kjøpte eg meg nye leiker, Quick Knit. Dette anser eg mest som ei leike ja, men kan verte artigt å prøve.

På Lappestua kjøpte eg både garn og stoff. Med andre ord ein perfekt dag 🙂

På dette bilde ser vi Aria, Kristin Helene, Malva og Fru Dart (med ryggen til).

Her er Trollmor og Tove Lisbeth.

Kristin Helene og Aria.

Nærmast til venstre, Elligo.

Ojsann, sjekk stoff mannekengen.

Barbro, Tove Lisbeth og Wencha.

Fru Dart og Quilte Line.

Published in: on januar 24, 2009 at 21:10  Comments (17)  

Ullbukse.

Har strikket enda ei Ullbukse. Denne gangen i 6 tråds Regia, som eg fikk fra min HV jan. 2009. Strikka på pinne nr 4.

Published in: on januar 24, 2009 at 10:30  Comments (10)  

Award.

Eg har fått nokre Awardar, og det setter eg svært stor pris på. Denne har eg fått fra Umulie.

 

Denne har eg har fått fra Anlen og Strikkemor(o)

Reglar:
1.Vinnaren kan kopiere denne logoen til sida si.
2.Lag en link til han/henne du fekk linken frå.
3.Nominer minst 7 bloggar.
4.Lag link til desse bloggane på bloggen din.
5.Legg igjen beskjed på bloggen til de nominerte.
Så skal denne sendast vidare, men mange har fått den så eg får tenke på det ei lita stund..

 

Denne har eg fått fra Moni, tusen takk til deg også, og tusen takk for helsinga.

Published in: on januar 23, 2009 at 8:47  Comments (12)  

Utfordring.

Og så har jeg fått ei utfordring fra Umulie, og den er slik:
Utfordring:
FAVORITTPROGRAM PÅ TV:
Hmm, ser ikkje så veldig mykje på tv eg da, men må ha med House…

TING JEG GJORDE I GÅR: Var på jobb, reiste heim og laga middag, så kom Trollmor og Gizmo fra Molde og vi strikka prata og skravla til langt over midnatt.

TING JEG SER FREM TIL: På laurdag skal vi til Lappestua og møte 13 andre likesinna hobbydamer.

FAVORITTRESTAURANTER: Tja, eg er vel ikkje så bevandra på restauranger, men eg tek gjerne en tur på Kinarestaurang.

 
TING PÅ ØNSKELISTA: Nytt bad, nytt golv på kjøkken og stua og det hadde vore koselig med nye møblar. Og sjølvsagt meir garn.
Sånn og slik, så sender eg den vidare til alle som vil ta utfordringa.

Published in: on januar 23, 2009 at 8:33  Legg igjen en kommentar  

Ronille klutar.

Har strikka 2 klutar som skal sendast nordover til Stubbehufsa. Ho vart nr 140 000 besøkande i bloggen min 🙂 Dei er strikka i Rapsodi på pinne nr 4.

Published in: on januar 22, 2009 at 21:14  Comments (5)