Calorimetry.

Har strikka ein Calorimetry i Iris Alpakka fra Rauma. Åååå dette garnet er mjukt og godt.

Så har eg strikka ein klut.

Published in: on februar 26, 2009 at 12:27  Comments (14)  

Calorimetry med vri.

Har strikka ein Calorimetry med en liten vri. Calorimetryane har det med å strekke seg litt ved bruk, derfor tok eg denne vrien for å få den litt mindre elastisk. Har strikka den i Austerman Alpakka Silk på pinne nr 3,5. Garnet får du kjøpt hos Maud’s garn eller for lokale lesarar, hos meg.

Legg opp 122, og begynn med 2 vrang og så 2 rett. Strikk som vanlig Calorimetry, men lag flettemønster, strikk den 2. rette uten å ta av pinnen så den 1. rette på kvar 4. omg på rettsida. På midten skal det være 46 maskar og 38 på sidene.

Published in: on februar 25, 2009 at 14:18  Comments (13)  

Penrose.

Puhh, ferdig med teppet. Vart “lurt” inn i dette prosjektet av Vibbedille og Trollmor, og tenkte at eg skulle verte fort og gale ferdig med det. Har strikka i Safir på pinne nr 4. Brukte nøyaktig 19 nøster garn.

Medan eg holdt på å strikke teppet, kom Burre og okkuperte det om det låg i sofaen eller på golvet…

Her vart eindel trådar å feste…

Published in: on februar 24, 2009 at 14:53  Comments (43)  

Ei litt lang oppdatering.

Har ikkje blogga på ei stund, så her kjem det litt nytt.

Forge tirsdag var eg i Lysfjøsen, og der satt jammen veninda til Svanhild og venta på meg. Her er Hildur.

 

Vi har vore på hytta i helga, og fikk besøk av Lisje Snuppa med kjæresten. Dei kom med toget fra Oslo.

På turen til og fra hytta, er det heilt naturlig med en stopp på Rauma Ullvare. Der går eg kjapt til restekassene, og finner meg litt snadder. Her er fangsten fra denne turen.

På Jula fann eg dette geniale settet som eikvar kvinne med respekt for seg sjøl må ha. I ei lita lekker veske, ligger det meste vi trenger for å overleve i heimen.

På teppet Penrose har eg vel snart komt halveis.

Så låg det pakke til meg fra min HV på HB når eg kom heim. Dette er den mest spennandes og kreative pakken eg nokensinne har fått. Har en liten anelse om kven den er fra, uansett Tusen takk for gava.

Published in: on februar 16, 2009 at 21:17  Comments (25)  

Ullbukse og kjøkkenklut.

Har strikka ei ullbukse i OnLine på pinne nr 4. den er ca str 1- 1 1/2 år.

Inn i mellom så har eg strikka ein klut til. denne i dobbel Mandarin Petit på pinne nr 4.

Published in: on februar 9, 2009 at 15:05  Comments (22)  

Nytt Hespetre.

Har arva eit Hespetre (garnvinde?) av farmor, men det er noko gammalt og utslitt. Så no har eg invistert i eit heilt nytt. Kjøpt hos Garntrollet.

 

Published in: on februar 9, 2009 at 15:00  Legg igjen en kommentar  

Ei lita oppdatering.

Har strikka to par pulsvarmera i Bris på pinne nr 4. Bruker 50 gr på eit par. Mjuke og gode.

Så har eg strikka nokre QuilteLine klutar med garn fra lageret mitt.

Ynskjer alle ei god helg.

Published in: on februar 6, 2009 at 14:13  Comments (34)  

Jula varer helt til påske.

Har holdt på med denne påskeduken nokre dagar. I dag fikk eg limt på figurane og den er no klar for å quiltast (dersom det heiter det når en syr rundt figurane..). Er ikkje så flink til dette, men pysj pytt, godt nok for meg.

Published in: on februar 1, 2009 at 15:54  Comments (28)  

Tova votta.

No er eg ferdig med begge para i Kit nr 13 fra Sandnes. Hadde ikkje nok av garnet til paret i Fritidsgarn, men eg hadde ein rest som eg brukte under oppbretten.Sandnes er kontakta ang dette, så får vi sjå om dei endrar oppskrifta si. Dei er strikka på pinne nr 6, medan paret i Tove er strikka på pinne nr 4. Her var det nok garn.

Før toving

etter toving.

Published in: on februar 1, 2009 at 13:28  Comments (12)