Dagen i dag.

Eg sto opp 8.30 i dag og laga meg ei liste med 10 punkt over ting eg skulle få unna i dag.

Slik såg lista mi ut:

  1. Blogge fra Raumaturen i går.
  2. Bake brød.
  3. Rydde.
  4. Støvsuge.
  5. Skifte på sengane.
  6. Strikke Harepus.
  7. Sette strekk i ei ullbukse.
  8. Lage til HV pakken.
  9. Vaske alle kleda i skittentøyet.
  10. Legge sammen klede.

Og no når klokka snart er 14.00, ser lista mi slik ut:

  1. Blogge fra Raumaturen i går.
  2. Bake brød. Har baka 6 brød.
  3. Rydde.
  4. Støvsuge.
  5. Skifte på sengane.
  6. Strikke Harepus (manglar 2 armer og eit bein).
  7. Sette strekk i ei ullbukse.
  8. Lage til HV pakken.
  9. Vaske alle kleda i skittentøyet.
  10. Legge sammen klede.

No er det ein liten middagslur, (i dag vart det nysteikte brød til middag) før eg går laus med støvsugaren..

Published in: on mars 15, 2009 at 13:59  Comments (9)  

Raumatur.

I går var vi på Raumatur. Ca 10 HB damer i garnhimmelen. Eg har ikkje tatt bilder på Rauma, for det gløymte eg i alt “kaoset” i gjensynet med hobbydamene.

Eg handla ikkje så mykje denne gangen, men litt vart med heim da… Kjøpte også en pose full av bomullsgarn til damene i Husflidslaget. Tilsammen så klarte vi å få med oss ca 20 kilo garn.

Eg kjøpte litt Vamsegarn til Hyllehøner og litt garn til små prosjekt.

Fann denne boka også, som eg måtte kjøpe.

Etterpå hadde Kristin Helene og Anita laga til på Gildheim med nydelig salat, rundstykke og kaffi. Kake hadde Anita K laga. Her kosa vi oss og vi hadde ein fantastisk kjekke dag i lag.

Dei hadde ordna til eit lotteri, og eg vann desse nusselige søte baby bootisane og eit nøste OnLine.

Tusen takk for ein kjempe kjekke dag damer. Gleda meg til neste treff.

Published in: on mars 15, 2009 at 11:42  Comments (12)