Butikk opning 17. oktober 2009.

logo

No har eg endelig fått realisert min store draum, å få opne garnbutikk. Med god hjelp av Kristina/ Trollmor, opna vi dørene laurdag 17.10.09. Har ikkje gjort så mykje med lokala, som tidligare har vore cafè. Her kjem nokre undervegs- og bilder fra opninga.

IMG_3863

IMG_3864

 IMG_3874

Mange gode hjelpera.

IMG_3881

IMG_3884

IMG_3883

IMG_3862

IMG_3892 

IMG_3894

 IMG_3893IMG_3890 IMG_3899IMG_3901

Tusen hjartans takk for alle blomster og lykkeønskingar.

Published in: on oktober 18, 2009 at 11:36  Comments (43)  

Boka Mauds Hjerte.

Bestilling skjer via min e-post: ellinor.kvammen(at)tussa.com, der skriv du navn og adresse.

Skift ut (at) med @

Prisen er 129 kr + porto 25 kr = 154 kr.

Kontonr. Garnskapet 6562. 06. 30823 Husk å merk med navnet ditt.

Ingen bøker vert sendt ut før eg har registrert innbetaling.

TRENGER DU GARN TIL SOKKANE, HAR EG DET OGSÅ.

Published in: on oktober 2, 2009 at 10:00  Comments (1)  

Ei lita oppdatering.

Ja kjære bloggvenner, eg er her fortsatt. Men mykje har skjedd den siste tida. Som kjent har eg gjeve ut ei sokkestrikkebok, og no er eg i oppstartfasen med Garnkroken. Eg har sagt opp jobben min som styrar i barnehage (har eit 70% vikariat i år) og startar garnbutikk i Ørsta 17 oktober 2009. Dette er ein draum eg har hatt i mange år, og no vert den realisert.

Helga 18.- 20. september, arrangerte vi Strikk i Ørska. Ein knall suksess som vert reprise på neste år.

Strikkesamling på fjellet.

image

Kristin Helene Ødegård, Ellinor «Ronille» Kvammen, Kristina «Trollmor» Fremstad og Wenche «Wencha» Hovde Otlo stod bak strikketreffet på Ørskogfjellet.

Artikkelen er skrive av Helene Henriksen.

Enkelte tar hobbyen sin til nye høgder. Som damene som reiser over halve landet, for å sitje ei heil helg på Ørskogfjellet og strikke, saman med gode nett-venner.

Somme vil hevde at våre gamle handverkstradisjonar er i ferd med å gå i gløymeboka. Samstundes er det i dag lettare enn nokon gong for personar med «smale» interesser å komme i kontakt med likesinna. Oppblomstringa av handarbeidsforum og strikkebloggar på nettet gjer at online-kontakt erstattar
den gode gamle handarbeidsforeninga.
Men av og til er det kjekt å treffast ansikt til ansikt og.

Ei av dei ivrige nett-strikkarane er Kristin Helene Ødegård frå Tresfjord. Med eigen strikkeblogg, mange nett-venner og ei strikkeinteresse noko over gjennomsnittet har ho også deltatt på samlingar for dei strikkefrelste.
Ønsket om eit lokalt treff dukka opp, og saman med tre andre strikke-bloggarar frå fylket vårt

– Vi har delteke på liknande treff andre stader i landet, og hadde veldig lyst til å få til noko her i fylket, fortel Kristin Helene, Wencha, Trollmor og Ronille, som er arrangørane sine nett-nick.
Deltakarane har komme med fly, tog og buss frå dei fleste kantar av landet, frå Rogaland i sør til Trøndelag i nord. I overkant av 50 damer i alderen 20-60
har brukt ei heil finevershelg til å sitje inne på Fjellstova og strikke. Innimellom omgangane har det visst blitt nokre fjellturar også.
– Ikkje alle har vore på denne kanten av landet før, og er veldig imponert over landskapet her. Fjellet er jo kjempefint på denne tida av året, seier arrangørane.

Fine fargar var det også innandørs, der heile seks butikkar hadde tatt med seg utval i garn og stoff for å freiste deltakarane.
– I staden for å arrangere utflukter til butikkane har vi invitert dei hit, fortel arrangørane.
– Heile helga har det vore strikking, kos og sosialt samvær.
Vi har kosa oss veldig i lag, og det er kjekt å treffe personar som ein berre har møtt på nettet tidlegare.
Men med så mange strikkedamer på ein plass er nok det beste mønsteret ein rett, ein rett, ein rett, spøker arrangørane.

– Vi blitt veldig godt tatt vare på av vertsskapet på Fjellstova. Maten er kjempegod, og dei har stått på pinne for oss heile helga, seier dei fire initiativtakarane.
Og det nederlandske vertsskapet fekk ei ekstra helsing frå dei fornøgde strikkarane. I løpet av helga produserte dei nemlig også to par heimestrikka sokkar, der alle deltakarane var med å strikke nokre omgangar.
Dei har allereie planer om å gjenta suksessen neste år.
Samlinga hadde fått det treffande namnet «Strikk i Ørska», og dei
fleste deltakarane var rekrutterte frå forumet «Hobbyboden».

image

Har ein tidlegare kollega som har termin i desse dager, og eg har strikka litt ymse til ho. Baby bootisane er fra boka mi, Mauds Hjerte.

P1020250

P1020251

P1020225

I sommar var eg og mamma ei veke i Tyrkia, Side. Vi hadde det kjempe flott på alle måtar, men angra bittert på at vi ikkje tok 2 veker, for det har stort sett regna sidan vi kom heim.

P1010911

P1010989

P1020037

Published in: on oktober 2, 2009 at 9:38  Comments (15)