OL strikkinga mi.

Puhh, no nærmar OL seg slutten og eg har strikka ferdig siste klut. Bestemte meg for å bruke opp lageret mitt av bomullsgarn og har strikka 1 klut kvar kveld. Trur ikkje eg kjem til å strikke klutar på ei stund..

P1020380På jobb har eg andre prosjekt på pinnane, mellom anna har eg strikka ei jakke på bestilling i Vamse, med kunden syns den vart for lang i bol og ermer, (den var slik på oppskrifta) så eg har tatt av vrangborden på ermer og bol. Bilde av det ferdige resultatet kjem i morga.

P1020378Har strikka ei ManU lue i SuperSport fra Gjestal.

P1020375P1020376Og til slutt ei Look alike lue strikka i Pocolano på pinne nr 5.

P1020383

Published in: on februar 28, 2010 at 19:38  Comments (11)  

Og vinnaren vart….

No har vi trekt ut ein vinnar, mannen min peika på eine lappen og den som vant var TINTIN. Gratulerer, en liten overraskelse kjem i posten 🙂

P1020370

P1020369

P1020368

Published in: on februar 20, 2010 at 17:35  Comments (2)  

Over 200 000 besøkandes.

Hjelpe meg, her har det vore besøk i det siste, og teljaren har runda 200 000. Tusen hjartans takk til alle som er innom 🙂

Så i den anledning vil eg sende ein liten ting til ein av dokke. Men for at det skal verte retferdig, så trekker eg ut ein som legg att kommentar mellom kl 24.00 i kveld og fram til 24.00 i morga kveld. Trekkinga finn stad laurdag ettermiddag.

Published in: on februar 18, 2010 at 21:44  Comments (20)  

Litt nytt…

Har strikka ei hue etter oppskrift fra Gjestal i Alpakka Silk og Spire på pinne nr 6. Kjempe god passform.

P1020361

P1020358

Så har det vore litt Selbuvott strikking. Her eit par i Limbo, og ein liten utan partnar enda.

P1020360Har så smått begynt å fylle opp Garnkroken. I dag hengte mannen min opp nokre bilder som han har tatt, desse er til sals. Kjempe fine bilder. (klikk på bilde for å få det større).

P1020365 

Her er nokre bilder til fra Garnkroken min 🙂

P1020362

P1020364  

P1020363 P1020367

Published in: on februar 8, 2010 at 21:38  Comments (4)