Ei lita oppdatering.

No er eg ferdig med ein Mariusgensar til. Denne gang i lyseblått, offwhite og lysgrå, strikka i Superwash Sport fra Gjestal på pinne 3 1/2 og 4.

P1020403

Eg har strikka 2 Påskeharar i Cortina, syns dei vart litt søte. Oppskrifta har eg funne her.

Før og

P1020399

etter toving.

P1020404

Klutar hadde eg egentlig bestemt meg for ikkje å strikke på ei stund, men det har vorte 2 stk og ein til er på pinnane. Greit å ty til inni mellom.

P1020408

I dag har eg ferdigstilt Hekseliv- duken min, sydd lukkekant og brodert ansikt. Manglar fortsatt litt applikering, men det får verte til ein annan gong. Duken har kome på bordet og eg synes den er kjempe fin.

P1020406

P1020407

No held eg på å strikke Kalvågjakka. Kjempe fin jakke i nydelige fargar.

P1020409

Ynskjer alle ei God Påske, med eller utan handarbeid, eg har mange planar og prosjekt på gang.

Published in: on mars 28, 2010 at 18:24  Comments (11)