Olive.

Har strikka Olive til meg sjøl. I Royal på pinne nr 3 og 3 1/2. Ein kjempe fin genser, strikka ovenfra og ned. Praktisk, så slepp ein monteringa til slutt.

P1020537

Published in: on juni 28, 2010 at 21:20  Comments (6)  

Da eg fylte 25 + 20 år :)

Jau åra går og eg med dei. Hadde ein kjempe fin bursdag med flotte gåver, blomster og verdens beste strikkeveninder.

Av strikkedamene fikk eg Gåvekort på Aromaterapi med varme steinar, wow, snakk om luksus.

Den faste Strikkekafè gjengen kom heim til meg om kvelden, og vi kosa oss med Strikkebursdag. Hadde desverre ikkje plass til alle på ein gong, så eg må ha ei økt til med kaffi og kaker 🙂

P1020530

P1020532

P1020534

P1020535

P1020536

Published in: on juni 28, 2010 at 21:18  Comments (1)  

Jakka som strider mot alle mine prinsipper.

Var egentlig ferdig med fluffy akryl ein eller annan gong midt på 80-tallet. Da skulle gensarane være store, enkle og strikka i akryl, gjerne fluffa opp med børste etterpå. Trudde at eg aldri meir skulle røre denne type garn, men framstillinga av “microfiber” har da endra seg noko dei siste åra……

Så falt eg for freistinga å strikka ei jakke som egentlig er ganske kul i Elfin, garnet er både mjukt og varmt, men nei… ikkje akryl til meg. Så denne jakka skal desverre slutte på eksistere, men korleis kjem eg tilbake til i eit seinare innlegg 🙂

P1020523

P1020522

Published in: on juni 28, 2010 at 21:08  Legg igjen en kommentar  

Multnomah

Har strikka Multnomahsjalet i gåve til ei god strikkeveninde som fylte år no i juni.

Strikka i handfarga Tynn Alpakka frå DSA, på pinne nr 4. Brukte 2 nøster og løyvde 2 meter. Eit nydelig sjal med ei flott historie. HER er link til originalen, og HER er link til norsk oversetting.

P1020521

P1020520

Published in: on juni 28, 2010 at 21:00  Comments (3)