Ferietur til Kreta.

No er vi heime att etter ei fantastisk flott veke på Kreta. Vi budde i ein liten landsby som heiter Analipsi på aust sida av Kreta. Hotellet vi budde på heiter Maro, eit familie drevet hotell som var kjempe koselig og sentralt.

Høgdepunktet på turen var nok den kombinerte buss- og båtturen til Spinalonga. Har akkurat lest Øya, av Viktoria Hislop, ei fantastisk bok om Spinalonga og dei spedalske som budde der.

Vi budde i 2.etg i dette huset. Hotellet var småhus, med 2, 4 eller 6 leiligheter i kvart hus.

IMG_0136

Spinalonga. 

IMG_0056

 Gravstaden til dei spedalske.

IMG_0087

Massegrava som vart tømt kvart 4. år.

IMG_0084

Hovedporten til øya. 

IMG_0076

Her ser eg over til Plaka.

IMG_0077

IMG_0061    IMG_0081

IMG_0080 Elounda.

IMG_0041

Strandpromenaden i Analipsi. 

IMG_0138

Med andre ord ein heilt super ferie, som kan anbefalast på det varmaste 🙂

Published in: on august 30, 2010 at 17:33  Comments (7)  

Litt ymse.

Har strikka Marius med rundfelling, str 1 1/2- 2 år i Limbo, superwash.

IMG_0021

Sjalet Chinook Scarf (Ravelry link) er strikka i Sisu på pinne nr 4. Her skulle det være glattstrikk, men eg valgte riller. Er kjempe fornøgd med sjalet, spesielt kanten oppe og måten den er strikka på.

IMG_0018

 IMG_0019

Så strikka eg sjalet 198 yds of heaven (Ravelry link) også i Sisu på pinne nr 4, men du verden dette vart knøttlite. Hadde nok valgt feil garn og pinnar.. Hadde ikkje hjelpt å nytte agressiv blokking heller, trur eg…

IMG_0009

Var ein tur på Eid og kjøpte krympestoff, som måtte testast ut, og eg laga dette hjertet i gave til ei kjempe kjekke maskedame.

IMG_0020 

Om nokre timar set eg kursen sørover til sol og varme. Første stopp er Sas Gardermoen hotell i natt, så går turen til Kreta i morgon tidlig klokka 06.20. Skal verte kjempe godt med ei veke med soling og avslapping.

Kos dokke og ha ei fine helg og veke 🙂 Klem.

man knit

Published in: on august 21, 2010 at 12:42  Comments (6)  

Det Royale sjal.

Har strikka eit babysvøp til, også denne gangen i Tynn Fotrama på pinne nr 4 fra Pinnsvin Design. Teppet måler 120×120, og er bare heilt nydelig. HER er oppskrifta, om du skulle falle for fristelsen.

IMG_0023

 

Published in: on august 21, 2010 at 12:17  Comments (2)  

Sying av veske og sekk.

No har eg sydd ei veske og ein sekk som er ei bestilling. Eg er slett ikkje så flink til dette, men eg er fornøgd med resultatet. Har fått god hjelp til veska HER

IMG_0578Sekken er “Gull frå Gråstein”, har brukt gamle dongeribukser. Har trøbla mykje med denne, da den er ganske tjukk i saumane og Janome maskina mi gir beskjed om det heile tida…. No er det berre litt finpuss att so er den ferdig 🙂

IMG_0579

Published in: on august 1, 2010 at 19:01  Comments (6)  

Kjøkkenklut.

Eit par klutar til Ida, ho tok ut garnet sjøl da vi var på Tjorven. Strikka i  Muskat på pinne nr 4.

Mønster: Legg opp 47 masker på pinne nr 4.

1.omg. Strikk *3 rett, 1 vrang*  avslutt med 3 rett, snu.

2.omg. Strikk 1 rett, *1 vrang, 3 rett* avslutt med 3 rett, snu.

Gjenta omg 1 og 2 så langt du ønsker eller til nøste er tomt.

Du kan bruke det garnet du vil og den pinnestørrelsen du vil, legg opp så mange du ønsker. Pass på at den midterste rette av dei 3 rette på 1. omg, vert 1 vrang på 2. omg.

IMG_0577

Published in: on august 1, 2010 at 18:54  Legg igjen en kommentar