Sying av veske og sekk.

No har eg sydd ei veske og ein sekk som er ei bestilling. Eg er slett ikkje så flink til dette, men eg er fornøgd med resultatet. Har fått god hjelp til veska HER

IMG_0578Sekken er “Gull frå Gråstein”, har brukt gamle dongeribukser. Har trøbla mykje med denne, da den er ganske tjukk i saumane og Janome maskina mi gir beskjed om det heile tida…. No er det berre litt finpuss att so er den ferdig 🙂

IMG_0579

Published in: on august 1, 2010 at 19:01  Comments (6)  

Kjøkkenklut.

Eit par klutar til Ida, ho tok ut garnet sjøl da vi var på Tjorven. Strikka i  Muskat på pinne nr 4.

Mønster: Legg opp 47 masker på pinne nr 4.

1.omg. Strikk *3 rett, 1 vrang*  avslutt med 3 rett, snu.

2.omg. Strikk 1 rett, *1 vrang, 3 rett* avslutt med 3 rett, snu.

Gjenta omg 1 og 2 så langt du ønsker eller til nøste er tomt.

Du kan bruke det garnet du vil og den pinnestørrelsen du vil, legg opp så mange du ønsker. Pass på at den midterste rette av dei 3 rette på 1. omg, vert 1 vrang på 2. omg.

IMG_0577

Published in: on august 1, 2010 at 18:54  Legg igjen en kommentar