Litt ymse.

Har strikka Marius med rundfelling, str 1 1/2- 2 år i Limbo, superwash.

IMG_0021

Sjalet Chinook Scarf (Ravelry link) er strikka i Sisu på pinne nr 4. Her skulle det være glattstrikk, men eg valgte riller. Er kjempe fornøgd med sjalet, spesielt kanten oppe og måten den er strikka på.

IMG_0018

 IMG_0019

Så strikka eg sjalet 198 yds of heaven (Ravelry link) også i Sisu på pinne nr 4, men du verden dette vart knøttlite. Hadde nok valgt feil garn og pinnar.. Hadde ikkje hjelpt å nytte agressiv blokking heller, trur eg…

IMG_0009

Var ein tur på Eid og kjøpte krympestoff, som måtte testast ut, og eg laga dette hjertet i gave til ei kjempe kjekke maskedame.

IMG_0020 

Om nokre timar set eg kursen sørover til sol og varme. Første stopp er Sas Gardermoen hotell i natt, så går turen til Kreta i morgon tidlig klokka 06.20. Skal verte kjempe godt med ei veke med soling og avslapping.

Kos dokke og ha ei fine helg og veke 🙂 Klem.

man knit

Published in: on august 21, 2010 at 12:42  Comments (6)  

Det Royale sjal.

Har strikka eit babysvøp til, også denne gangen i Tynn Fotrama på pinne nr 4 fra Pinnsvin Design. Teppet måler 120×120, og er bare heilt nydelig. HER er oppskrifta, om du skulle falle for fristelsen.

IMG_0023

 

Published in: on august 21, 2010 at 12:17  Comments (2)