Har vorte lite blogging i det siste, men pinnane går fortsatt for fullt. Noko av det eg har laga sida eg sist blogga.
Eit par Multnomah strikka i Delight.
Eit par Selbuvottar eg har strikka på bestilling.
Teppet har eg montert i samband med Husfliden sitt 100 års jubileum. Bitane har born i Norge laga. Dette skal sendast til fattige born i Kenya.
Desse ballane er to par tovatøfler.
Ullbukse til barn, str ca 1 år.
Knestrømper i Sisu.
Leggvarmera i boblestrikk, ein kjempe gøy teknikk.
Så har eg laga 99 heklaruter i Delight, som etterkvart skal verte eit teppe.