Utsikta mi.

Kan vel ikkje akkurat klage over den flotte utsikta fra stoveglaset. Sola skin berre på fjelltoppane, men det er ikkje lenge til vi får den tilbake.

IMG_0341 

Må vise fram julegåva eg fikk fra Godjenta mi, Knit Happy kopp og Saudmåleband. Den perfekte gåva til meg 🙂

IMG_0342

Published in: on desember 26, 2010 at 16:12  Comments (17)  

Romjul og eit par tjokkelesta.

card00227_fr

No har julefreden senka seg i heimen. Familiekos, strikking, mykje god mat og drikke er dei viktigaste ingrediensane no.

Har strikka eit par tjokkelesta TåOpp i Robust på pinne nr 3,5. No har eg eit par Jaywalkers på pinnane til godjenta mi.

Ynskjer alle ei fortsatt fredsam og god romjul.

IMG_0340

Published in: on desember 26, 2010 at 13:26  Comments (3)  

4. søndag i advent.

Vi tenner fire lys i kveld og lar dem brenne ned,
For lengsel, glede, håp og fred, men mest allikevel for fred
på denne lille jord, hvor menneskene bor.

Så står det 4. lyset og brenner og julafta nærmar seg. Eg er i rute med julegåvene, men har ikkje baka noko, da mi kjære snille mamma tok den jobben for meg.

Koser meg med å montere teppe, strikke lesta og nyter at godjenta mi er heime i jula. Ha ei fortsatt fin førjulstid, ta vare på kvarandre og stress ned. Jula kjem og går i år også 🙂

20u161

Published in: on desember 19, 2010 at 14:18  Comments (6)  

Juleverkstad.

I går kveld hadde strikkeklubben juleverkstad heime hjå meg, med mykje latter og kreativitet. På menyen sto Gløgg og vafler, og vi fikk laga nokre julegåver.

IMG_0330Torill vart ein kløppar i å feste serviettar på lys med strykejernet.

IMG_0328

Lill med siste dagars lueproduksjon 🙂

IMG_0327Og dette laga eg.

IMG_0336   

IMG_0337

Published in: on desember 15, 2010 at 12:38  Comments (4)  

3. søndag i advent og selbuvottar.

Så tenner vi tre lys i kveld, for lengsel, håp og glede.
De står og skinner for seg selv og oss som er til stede.
Så tenner vi tre lys i kveld for lengsel, håp og glede.

Ferdig med ei julegåve, eit par selbuvottar.

IMG_0326

Published in: on desember 12, 2010 at 14:36  Comments (5)  

Juleløpar og Selbuvottar.

Har strikka eit par selbuvottar i førjulsgave til ein som manglar vottar. Dei er strikka i Karisma og PtPetter. Tjukke, varme og gode.

IMG_0325

Sydd løpar frå siste Quiltemagasinet. Har aldri laga blokker før, og heller ikkje sydd saman på denne måten. Jauda, litt skakt og gale, men pysj den duger på mitt kjøkenbord nokre dagar i jula.

IMG_0324

Published in: on desember 9, 2010 at 12:42  Comments (7)  

2. søndag i advent.

 

Så tenner vi to lys i kveld, to lys for håp og glede.
De står og skinner for seg selv og oss som er til stede.
Så tenner vi to lys i kveld, to lys for håp og glede.

Denne helga har vi har hatt Mini Messe i Husflidslaget. Der vi solgte lodd, kaffi og kaker, og medlemmane stilte med eigenproduserte produkt for sal. Vi fikk låne eit lokale i gågata, og det kom mykje folk.

IMG_0294

IMG_0297

IMG_0298

IMG_0299 

Eg har også strikka eit par tjokkelesta, TåOpp, i Robust.

IMG_0301

Ha ei fortsatt fine adventstid.

Published in: on desember 5, 2010 at 14:27  Comments (1)