Knestrømper.

Ferdig med knestrømpene eg mangla garn til. Ser at det desverre vart litt fargeforskjell. Dei er strikka TåOpp i Robust på pinne 3,5 og 3.

IMG_0391

IMG_0392

Published in: on januar 29, 2011 at 12:26  Comments (5)  

GAAA lapp # 9.

Pausa fra lappestrikkinga eg anonserte i eit tidligare innlegg, varte ikkje så lenge… Så no har eg strikka ein lapp til. Denne har Ann Strong designa.

IMG_0390

Published in: on januar 25, 2011 at 10:47  Comments (2)  

Oppskrift på Kosetøffler.

Denne oppskrifta er ofte brukt på babytøffler, men eg har strikka dei i tjukkare garn og med tjukkare pinnar. Ein kan bruke det garnet ein vil, og dermed få den størrelsen som måtte passe.

Her har eg brukt Artic frå Europris og pinne nr 5,5. dei passar til ca 37-38. Brukte nøyaktig 2 nøster, men ein kan og bruke dobbelt av tynnare garn og få gode tøffler av det også. Prøv deg fram, så vert heilt sikkert resultatet brukandes til ein eller annan som frys på beina 🙂

IMG_0386

Legg opp 39 masker og strikk 1 rett, 1 vrang fram og tilbake i ca 15 cm. Det lønner seg å bruke rundpinne, da det vert litt trangt når tåa og foten formast.

Så skal du strikke vrista på dei midterste 13 maskane. Sett dei 13 maskane på kvar side av arbeidet på ei maskenål.

Omg 1 (rettsida): 26 rett, snu

Omg 2 (vrangsida): 13 rett, snu

Omg 3 (rettsida): 13 rett, snu. Fortsett slik til du har 17 riller, (34 omg).

Tå:

Omg 1 (rettsida): 2 rett sammen, 9 rett, 2 rett sammen, snu.

Omg 2 (vrangsida): rett tilbake, snu.

Omg 3 (rettsida): 2 rett sammen, 7 rett, 2 rett sammen, snu.

Omg 4 (vrangsida) rett tilbake, snu.

Omg 5 (rettsida): 2 rett sammen, 5 rett, 2 rett sammen, IKKJE snu.

Så skal foten strikkast slik:

Omg 1 (rettsida): Plukk opp og strikk 19 masker rett langs venstre side av vrista, og dei 13 maskane frå maskenåla, snu.

Omg 2 (vrangsida): Strikk 39 masker rett, og plukk opp og strikk 19 masker rett frå den høgre sida av vrista, og dei 13 maskane frå maskenåla, 71 masker totalt, snu.

Strikk fram og tilbake, rillestrikk, 5 riller (10 omg.).

Sålen formast:

Omg 1 (rettsida): 2 rett sammen, 28 rett, 2 rett sammen, 3 rett, 2 rett sammen, 3 rett, 2 rett sammen, 27 rett, 2 rett sammen, snu.

Omg 2 ( vrangsida): rett (66 masker), snu.

Omg 3 (rettsida): 2 rett sammen, 26 rett, 2 rett sammen, 2 rett, 2 rett sammen, 2 rett, 2 rett sammen, 26 rett, 2 rett sammen, snu.

Omg 4 (vrangsida): rett (61 masker), snu.

Omg 5 (rettsida): 2 rett sammen, 24 rett, 2 rett sammen, 1 rett, 2 rett sammen, 1 rett, 2 rett sammen, 25 rett, 2 rett sammen, snu.

Omg 6 (vrangsida): rett (56masker), snu.

Omg 7 (rettsida): 2 rett sammen, 22 rett, 2 rett sammen, 2 rett sammen, 2 rett sammen, 24 rett, 2 rett sammen, snu.

Omg 8 (vrangsida): rett, (51 masker), snu.

Du har no 9 riller til fot og såle. Strikk 26 masker rett, på rettsida, klipp av tråden og mask sammen under foten, sy sammen hel og leggen.

No har du ein Kosetøffel, og må lage ein til 🙂

 

Published in: on januar 22, 2011 at 11:59  Comments (4)  

Kosetøfler.

Har strikka eit par kosetøfler i Topp’t Tå på pinne nr 7. Dei vart litt lause, så eg skal strikke eit par til på litt tynnare pinnar. Desse er ca str 39-40. Kjekt tv-arbeid i alle fall 🙂

IMG_0385

Published in: on januar 20, 2011 at 22:49  Comments (5)  

GAAA lapp # 8.

Og der vart eg ferdig med ein lapp til. No trur eg at eg tek ei lita pause i lappestrikkinga (trur eg). Denne har Judy Summer designa. Den ser litt rufsete ut, da eg ikkje blokkar lappane før alle er ferdige.

IMG_0384

Published in: on januar 18, 2011 at 23:56  Comments (4)  

GAAA lapp # 7.

Ferdig med enda ein lapp. Denne gjekk greit å strikke på pinne 4,5. Vicki Sever er designeren bak denne lappen.

IMG_0381

Published in: on januar 18, 2011 at 20:32  Legg igjen en kommentar  

For Lite garn…

imagesCAJ14S51

Begynte på eit par TåOpp knestrømper med friskt mot. Fikk sjølvsagt for lite grått garn (var sikker på eg hadde eit nøste til), så no må eg rekke opp vrangborden på den første så ikkje fargeforskjellen vert for stor på resten av glattstrikket før mønsteret.

IMG_0383

Published in: on januar 18, 2011 at 20:29  Legg igjen en kommentar  

GAAA lapp # 6.

Ferdig med lapp nr 6. Denne lappen synes eg er kjempe fin, har ikkje blokka og montert den enda. Susan Rainey er designeren bak denne lappen.

IMG_0380

Published in: on januar 14, 2011 at 13:41  Comments (6)  

GAAA lapp # 5.

Ferdig med lapp nr 5. Denne er kvadratisk og vert dermed utgangspunktet for dei andre lappane mine. Dagmara Berztiss har designa denne.

IMG_0379

Published in: on januar 13, 2011 at 18:24  Comments (4)  

Lapp # 4.

Ferdig med lappen til Barbara Selesnick. Denne er strikka på pinne nr 4,5, og vart liten. Hmmmm….

IMG_0375

Published in: on januar 12, 2011 at 9:33  Comments (3)