Strikke/ hekleprosjekt i system 2011.

Eg har strikka og hekla i mange år, og gleda var stor når eg byrja å blogge for over 4 år sida der eg kunne legge inn prosjekta mine og litt til. Sidan har eg blogga alt eg har laga, men savna eit system der eg lett kan gå tilbake på det eg har laga. Ting eg lurer på, mønster, garn og ymse detaljar.

Så kom eg over denne sida med gratis skjema som eg har printa ut. Satt i ein perm og laga mitt system for korleis eg vil ha det.

Permen (ein heilt vanlig A-4 ringperm) har eg hatt stoff på for at den skulle verte litt penare 🙂 Ein kan tildømes strikke omslag eller lage eit fint motiv i Stitchery….

IMG_0347

Vart ferdig med eit par Jaywalkers, som no har fått plass i permen min. Her har eg stifta på bandeloren og lagt ved ei lita garnprøve og sjølsagt satt inn bilde av lestane.

IMG_0349

Så har eg lagt ved oppskrifta på lestane.

IMG_0350

HER finn du linken til arka eg har brukt. Så gjenstår det å sjå korleis permen min ser ut om eit år 🙂

Published in: on januar 5, 2011 at 12:40  Comments (13)