Oppskrift på Kosetøffler.

Denne oppskrifta er ofte brukt på babytøffler, men eg har strikka dei i tjukkare garn og med tjukkare pinnar. Ein kan bruke det garnet ein vil, og dermed få den størrelsen som måtte passe.

Her har eg brukt Artic frå Europris og pinne nr 5,5. dei passar til ca 37-38. Brukte nøyaktig 2 nøster, men ein kan og bruke dobbelt av tynnare garn og få gode tøffler av det også. Prøv deg fram, så vert heilt sikkert resultatet brukandes til ein eller annan som frys på beina 🙂

IMG_0386

Legg opp 39 masker og strikk 1 rett, 1 vrang fram og tilbake i ca 15 cm. Det lønner seg å bruke rundpinne, da det vert litt trangt når tåa og foten formast.

Så skal du strikke vrista på dei midterste 13 maskane. Sett dei 13 maskane på kvar side av arbeidet på ei maskenål.

Omg 1 (rettsida): 26 rett, snu

Omg 2 (vrangsida): 13 rett, snu

Omg 3 (rettsida): 13 rett, snu. Fortsett slik til du har 17 riller, (34 omg).

Tå:

Omg 1 (rettsida): 2 rett sammen, 9 rett, 2 rett sammen, snu.

Omg 2 (vrangsida): rett tilbake, snu.

Omg 3 (rettsida): 2 rett sammen, 7 rett, 2 rett sammen, snu.

Omg 4 (vrangsida) rett tilbake, snu.

Omg 5 (rettsida): 2 rett sammen, 5 rett, 2 rett sammen, IKKJE snu.

Så skal foten strikkast slik:

Omg 1 (rettsida): Plukk opp og strikk 19 masker rett langs venstre side av vrista, og dei 13 maskane frå maskenåla, snu.

Omg 2 (vrangsida): Strikk 39 masker rett, og plukk opp og strikk 19 masker rett frå den høgre sida av vrista, og dei 13 maskane frå maskenåla, 71 masker totalt, snu.

Strikk fram og tilbake, rillestrikk, 5 riller (10 omg.).

Sålen formast:

Omg 1 (rettsida): 2 rett sammen, 28 rett, 2 rett sammen, 3 rett, 2 rett sammen, 3 rett, 2 rett sammen, 27 rett, 2 rett sammen, snu.

Omg 2 ( vrangsida): rett (66 masker), snu.

Omg 3 (rettsida): 2 rett sammen, 26 rett, 2 rett sammen, 2 rett, 2 rett sammen, 2 rett, 2 rett sammen, 26 rett, 2 rett sammen, snu.

Omg 4 (vrangsida): rett (61 masker), snu.

Omg 5 (rettsida): 2 rett sammen, 24 rett, 2 rett sammen, 1 rett, 2 rett sammen, 1 rett, 2 rett sammen, 25 rett, 2 rett sammen, snu.

Omg 6 (vrangsida): rett (56masker), snu.

Omg 7 (rettsida): 2 rett sammen, 22 rett, 2 rett sammen, 2 rett sammen, 2 rett sammen, 24 rett, 2 rett sammen, snu.

Omg 8 (vrangsida): rett, (51 masker), snu.

Du har no 9 riller til fot og såle. Strikk 26 masker rett, på rettsida, klipp av tråden og mask sammen under foten, sy sammen hel og leggen.

No har du ein Kosetøffel, og må lage ein til 🙂

 

Published in: on januar 22, 2011 at 11:59  Comments (4)