Har fått ein Award fra Misemor, tusen takk Er ikkje alltid så flink å vidaresende Awardar. Men denne gangen gjer eg det, da eg ikkje skal svare på spørsmål el.l, berre sende den vidare til 5 blogger med følgarar.
Sender den vidare til:
Har fått ein Award fra Misemor, tusen takk Er ikkje alltid så flink å vidaresende Awardar. Men denne gangen gjer eg det, da eg ikkje skal svare på spørsmål el.l, berre sende den vidare til 5 blogger med følgarar.
Sender den vidare til:
På mandag var eg å opererte augene, med streng beskjed om ikkje å sjå tv eller vere på data på 3 dagar. Men det er ikkje noko problem når eg har pinner og garn. Så her er resultatet fra dei siste dagars produksjon.
Seks kjøkenklutar i Muskat Soft på pinne nr 4. Har lagt opp 53 masker, begynner med 3 rett, 1 vrang på kvar pinne 🙂
Eit par Selbuvottar til herre i 100 % ull.
På mandag var det eit snodig vær, det var snøv og sol på same tid.
Med augene går det kjempe fint, litt merkelig farge, men pyttsann…
Har strikka 2 par strømper i Viking garn på pinne nr 4. Strikka TåOpp.
På dette paret greidde eg å klippe hol i strømpa etter at eg hadde festa trådar og skulle klippe av tråden.
Vart ikkje heilt fornøgd med dette paret. Det var stor fargeforskjell og mønsteret vart ulikt på begge to. Men pysj pytt… Strikka i Viking garn, TåOpp, på pinne nr 4.
Mi kjære gode veninde i Førde ga meg ei utfordring. Ho skal til London når der er bryllaup i april, og kunne tenke seg eit haudeplagg som såg ut som ein hatt el.l. Hekla ei “Heia Norge” lue med brem. Så denne vil nok vise att i folkemengda får vi håpe
I går var eg og Lill på nytt garntokt. Denne gangen til Ålesund. Og sjølvsagt vart det nokre nøster med heim denne gangen også. Vi fann litt snadder både her og der. Jugend Hobby hadde eit spanandes garn som skal testast ut.
Her er eit bilde av dagens fangst.
Nye idèar dukkar stadig opp, og nokre vert strikka. Dette er noko som muligens etterkvart kjem på trykk
Trur at dette paret er eit av det aller første paret eg har strikka til meg sjølv. Og eg har faktisk strikka ganske mange par strømper i mitt liv, men aldri til meg sjølv. TåOpp, strikka på pinne nr 4,5 i Ragg- strømpegarn, Hjerte Garn. Varme, tjukke og mjuke
Så har det vorte ein klut til undervegs. Denne gang i Petunia på pinne nr 4.
Strikka Pacmanlue i Freestyle på pinne 4 og 4,5. Oppskrita på Pacmanlua finner du HER. “Heia Norge” lua er etter ei oppskrift på Garnstudio med nokon endringar. Hekla på krok nr 5 i Freestyle. Begge luene er gaver
13 stk gule Cortina soft 100% ull, pinne nr 8 og 11 stk Vestlandsgarn 100% ull, pinne nr 3,5-4 til sals. Garnet er supert å tove
Cortina soft, kr 10,- pr 50 gram + porto. SOLGT
Vestlandsgarn, kr 8,- pr 50 gram + porto.
Send ein mail om du er interessert: ellinor.kvammen(at)tussa.com