Påskeferie 2011.

I går kveld kom vi heim etter nokre fantastisk flotte dagar på fjellet. Ida og Johan kom med toget fra Oslo og var saman med oss.  Innimellom Monopol, Yatzy og Scrabble fikk eg strikka nokre klutar, eit par Circle socks og litt vidare på teppet mitt.

Circle socks i Regia.

IMG_0454

IMG_0455

Klutar i Muskat Soft og ein klut i Viking, melk og honning.

IMG_0481

Denne vesle karen levde opp til sitt rykte, sint som eit Lemen. Der var mykje Lemen rundt hytta, så det vert nok eit godt smågnagar år.

IMG_0459

IMG_0476

Ida og Johan tok seg ein trugetur, da skiføret ikkje var heilt på topp. Lite snøv for å vere april.

IMG_0464

Ein flott solnedgang avslutta påskeferien i år.

IMG_0470

Reklamer
Published in: on april 27, 2011 at 9:38  Comments (2)  

Påskestrikk.

Dette prosjektet skal eg kose meg med i Påska. Reiser til fjells og satsar på knall fint påskevær. Ynskjer dykk alle ei riktig god og fin påske.

IMG_0451

IMG_0037

Published in: on april 20, 2011 at 10:05  Comments (2)  

Varme og gode strømper.

Har strikka eit par herrestrømper i Viking Sportsragg. Har strikka fleire par i ymse fargar, men desse grå var desidert det mjukaste og beste garnet.

Strikka TåOpp på pinne nr 4.

IMG_0443

Published in: on april 14, 2011 at 22:31  Legg igjen en kommentar  

Påskepynt.

Har strikka små påskeharar i år. Men du verden for eit puslerier, det tok jammen mange timar å montere, sy og lage duskar. Sjølve strikkinga var fort gjort. Oppskrifta finn du HER. Har ikkje strikka ørene og armane slik det står i oppskrifta, ørene fortsatte eg på maskane på haudet og armane plukka eg opp i vrangkanten oppe. Eg skal ha 5 harar sjølv, og dei 5 andre er påskegaver til PikeneMedStrikkepinnePinnene.

IMG_0439

IMG_0440

IMG_0442

Published in: on april 11, 2011 at 18:00  Comments (22)  

Klutar.

Har strikka 2 klutar i Petunia på pinne nr 4.

For dokke som lurer på progresjonen i GAAA, så er det for tida stillstans, men eit anna teppe ligger på pinnane. Bilde kjem etter kvart.

IMG_0437

Published in: on april 5, 2011 at 10:36  Comments (1)