Påskeferie 2011.

I går kveld kom vi heim etter nokre fantastisk flotte dagar på fjellet. Ida og Johan kom med toget fra Oslo og var saman med oss.  Innimellom Monopol, Yatzy og Scrabble fikk eg strikka nokre klutar, eit par Circle socks og litt vidare på teppet mitt.

Circle socks i Regia.

IMG_0454

IMG_0455

Klutar i Muskat Soft og ein klut i Viking, melk og honning.

IMG_0481

Denne vesle karen levde opp til sitt rykte, sint som eit Lemen. Der var mykje Lemen rundt hytta, så det vert nok eit godt smågnagar år.

IMG_0459

IMG_0476

Ida og Johan tok seg ein trugetur, da skiføret ikkje var heilt på topp. Lite snøv for å vere april.

IMG_0464

Ein flott solnedgang avslutta påskeferien i år.

IMG_0470

Reklamer
Published in: on april 27, 2011 at 9:38  Comments (2)