Har strikka mange par med strømper, men desse fra boka Around the world in knitted socks, er noko av det finaste mønster eg har strikka. Er ferdig med 1, så no er det berre å legge opp til nr 2. Var ikkje heilt fortruleg med provinsial cast on, da det tok innmari lang tid å plukke opp att maskane til tåa.
Aran Knit Sampler Afghan
Byrjar å sjå ein ende på teppet mitt. No har eg blokka det og er klar for montering. Vart ikkje heilt fornøgd med blokkinga, men tenker eg fiksar det i monteringa.

Retrojakke.
Fikk forespørsel om å gjere ferdig denne jakka, som var strikka på for 35-40 år sidan. Eg har festa knappestolpane og strikka halskanten, så no kan dama sette på knappar og ta på seg ei jakke som endelig er ferdig

Mobilveske.
Har strikka ei mobilveske til ei som hadde fått seg ny og fin mobil. Ho vart kjempe glad, og da er det kjekt å gi bort. Strikka i bomull på pinne nr 3, lagt opp som for TåOpp.
