Endelig ei lita bloggoppdatering. Det har vorte mykje jobbing i sommar, og ikkje så mykje tid til favoritt hobbyen. Noko har eg alikavel produsert.
Eit par kjøkkenklutar i MuskatSoft.
Så har eg strikka jakka Paulie. Ei kjempe fin jakke som er strikka ovenfra og ned. Eg strikka den i Rauma finull på pinne nr 3.
Og igår var PikeneMedStrikkepinnePinnane samla for første gang etter ferien, og eg fikk denne flotte “bya”gåva fra Karla. Tusen takk vennen ❤
På laurdag har Lill bursdag, og eg har brodert eit lite bilde til ho berre på gøy. Det første eg laga passa ikkje i ramma eg hadde kjøpt, så eg måtte lage eit til.