Siste dagen i 2011.

På tide med ei lita oppdatering siste dagen i 2011.

Vi har hatt ei fin og rolig jul, Ida var heime til 29.desember. Ho har vore kjempe flink å strikka 2 luer + ein hals. Kjempe kos når mor og datter satt å strikka saman.

Her er ei av dei 2 luene ho strikka, *stolt*.

IMG_0773

Eg strikka eit par korte lesta til Ida i Nepal. Oppskrifta er HER.

IMG_0768

Ei lue til mammaen til Johan vart det også. Strikka i Karisma, og oppskrifta finner du HER.

IMG_0770

Ei lue i dobbel Topp`t Tå.

IMG_0774

Enda ei lue, denne gangen i Silja.

IMG_0784

Eit par vottar, som skal tovast. Strikka i Vamse garn fra Rauma.

IMG_0783

Så har eg fått kalendargave fra kjæraste bestevennen Kristina ❤

IMG_0785

Eg hadde laga kalendar til Ida, i den hadde eg ein engel som eg kjøpte i Volda i november. Av alle ting på denne jord, hadde Ida kjøpt akkurat den samme engelen til meg i julegave. Vi vart like paffe begge to når vi såg at vi hadde kjøpt det samme til kvarandre ❤

IMG_0779

Som kanskje noken har observert, har eg gått laus på restegarnet mitt til dei fleste prosjekta. No held eg på med desse Regnbuelestane, fra Hillesvåg i restegarn.

IMG_0775

1. juledag kom Dagmar fykandes og tok straumen på kvelden hos oss nokre timar. Men det hindra meg ikkje i strikkinga Smilefjes

IMG_0767

Til slutt vil eg ynskje dykk eit riktig Godt Nyttår, og velkommen tilbake neste år.

Published in: on desember 31, 2011 at 12:57  Comments (2)  

Oppskrift på små julemus.

 

Garn som passar til pinne nr 4. Eg har brukt restegarn, og lagt dobbelt med tynn finull og alpakka. Litt svart ullgarn til å sy snuten med, 2 perler til auge, ull eller anna til stuffing, verhår og heklekrok til å hekle halen med.

IMG_0764


Legg opp 7 maskar.
1. omg. Rettsida, Strikk 2 m rett, auk 1 m ved å strikke i fremre og bakre maskeledd, auk neste maske på samme måten, strikk 3 m rett, snu. 7 m på pinnen.
2. omg. Vrangsida, strikk alle m vrang. Snu.
3. omg. Rettsida, strikk 3 m rett, auk på samme måte som 1. Omg, 4 m rett, Snu. 9 m på pinnen.
4. omg. Vrangsida, strikk alle m vrang.
Gjenta til du har 31 m på pinnen.
Strikk  1 omg vrang, 1 omg rett, 1 omg vrang.
Rettsida, strikk 1 rett, ta 1 m løs av pinnen, strikk neste maske og ta den løse m over x 7, 1 rett, 2 rett sammen x 7, 1 rett. 17 m på pinnen. Snu.
Vrangsida, strikk vrang ut pinnen. Snu.
Rettsida, 1 rett,  ta 1 m løs av pinnen, strikk neste maske og ta den løse m over x 3, 3 rett, 2 rett sammen x 3, 1 rett, 11 m på pinnen. Snu.
Strikk 1 omg rett, klipp av tråden, (la enden vere litt lang så du kan hekle halen av den), og trekk tråden gjennom maskane.

Ører. Lag 2 stk.
Legg opp 3 masker.
1. Omg. Auk 1 m  ved å strikke i fremre og bakre maskeledd, strikk 2 m rett. Snu
2. Omg.  Auk 1 m  ved å strikke i fremre og bakre maskeledd, strikk 3 m vrang. Snu
3. Omg. Auk 1 m  ved å strikke i fremre og bakre maskeledd, strikk 4 rett. Snu.
4. Omg. Auk 1 m  ved å strikke i fremre og bakre maskeledd, strikk 5 vrang. Snu. 7 masker på pinnen.
Strikk 1 omg rett, klipp tråden, og trekk gjennom maskane.

IMG_0766

Form og sy på ørenene og sy sammen undersida nesten heilt bak. Stuff den med ull el.l. og sy sammen resten.

Stram tråden som no skal bli hale, og hekle ca 20 luftmasker til halen.

Eg har brukt 2 små treperler som eg har mala svarte til auger. Sy sammen snuten med svart ulltråd, samstundes som du syr fast nokre verhår. Eg har klipt busta av piasavakosten min.

Lykke til.

Published in: on desember 20, 2011 at 9:51  Comments (9)  

Når nettene blir lange og kulda setter inn….

Har strikka nokre små julemus. Dei er strikka i restegarn på pinne nr 4. Begge musene har fått nye heimar til jul.

IMG_0759

IMG_0758

Published in: on desember 20, 2011 at 9:09  Comments (2)  

4. søndag i advent.

Vi tenner fire lys i kveld og lar dem brenne ned,
For lengsel, glede, håp og fred, men mest allikevel for fred
på denne lille jord, hvor menneskene bor.

Published in: on desember 18, 2011 at 18:29  Legg igjen en kommentar  

3. søndag i advent.

Så tenner vi tre lys i kveld, for lengsel, håp og glede.
De står og skinner for seg selv og oss som er til stede.
Så tenner vi tre lys i kveld for lengsel, håp og glede.

Published in: on desember 12, 2011 at 0:32  Legg igjen en kommentar  

1. og 2. søndag i advent.

Vanligvis brukar eg å tenne lys i bloggen min i adventstida. Skjønar ikkje kvifor dette ikkje har vore gjort i år…

Men får ta det att i dag, og skjerpe meg dei neste to søndagane!

Så tenner vi et lys i kveld, vi tenner det for glede.
Det står og skinner for seg selv og oss som er til stede.
Så tenner vi ett lys i kveld, vi tenner det for glede.

Så tenner vi to lys i kveld, to lys for håp og glede.
De står og skinner for seg selv og oss som er til stede.
Så tenner vi to lys i kveld, to lys for håp og glede.

Ellers har eg dette på pinnane Smilefjes Noko eg trur eg vert kjempe fornøgd med. Garnet eg brukar er Debbie Bliss, Rialto 4 ply. Heilt fantastisk godt å strikke med.

Har funne ein kjempe fin nettbutikk, lynrask og med fantastisk god service, Garnkorgen.se

IMG_0752

Published in: on desember 8, 2011 at 10:06  Legg igjen en kommentar  

Islandsk trøje.

Den 11.11.11, var eg ein snartur til Trondheim. Minsten skulle opererast i handa, og eg nytta høve til å stikke innom første og beste garnbutikk når han låg på operasjonsbordet.

Saman med verdens beste Kristina, for vi innom Jens Hoff garn og ide. Der hang denne modellen, og eg kjøpte garn til denne tjukke og varme gensaren. Den gjekk super fort å strikke på pinne nr 5, men eg gjekk tom for brun, så eg fikk ikkje gjort den ferdig før i går kveld.

Strikka i Raggi fra Jarbo Garn. Oppskrifta finn du HER.

IMG_0749

IMG_0750

IMG_0751

Published in: on desember 8, 2011 at 9:47  Comments (1)  

Skip o`hoi vottar.

Har strikka eit par Skip o`hoi vottar i Super Sport på pinne 3,5. Strikka vrangborden litt lenger enn det som var oppgitt.

Her skulle vere brodert med raudt og grønt på tomlane, men det fikk eg ikkje til.

Oppskrifta får du kjøpt hjå Jorids Mønsterbutikk.

IMG_0746

IMG_0747

Published in: on desember 8, 2011 at 9:24  Legg igjen en kommentar  

Julekalendar til PikekeneMedStrikkepinnePinnane.

I år hadde PikeneMedStrikkepinnePinnane bestemt seg for at vi skulle lage adventskalendar til kvarandre. Vi møttat hjå GT og hadde høgtidlig overrekkelse.

Alle var like spente på kva dei andre hadde funne på.

Eg hadde laga kalendar til Lill, samstundes som eg også laga ein til god jenta mi.

IMG_0726

IMG_0727

GT hadde ein ekstra liten overraskelse til oss.

IMG_0745

Her er nokre bilder fra dei andre kalendarane.

IMG_0733

IMG_0736

IMG_0738

IMG_0741

IMG_0742

Kjære PikeneMedStrikkepinnePinnane, no har vi meir eller mindre møtast ein gong i veka i 2 år. Eg er kjempe glade i dokke og ser fram til nok eit år saman med dokke, pinner, garn, sang og latter.

IMG_0276

Published in: on desember 8, 2011 at 8:52  Comments (4)