Siste dagen i 2011.

På tide med ei lita oppdatering siste dagen i 2011.

Vi har hatt ei fin og rolig jul, Ida var heime til 29.desember. Ho har vore kjempe flink å strikka 2 luer + ein hals. Kjempe kos når mor og datter satt å strikka saman.

Her er ei av dei 2 luene ho strikka, *stolt*.

IMG_0773

Eg strikka eit par korte lesta til Ida i Nepal. Oppskrifta er HER.

IMG_0768

Ei lue til mammaen til Johan vart det også. Strikka i Karisma, og oppskrifta finner du HER.

IMG_0770

Ei lue i dobbel Topp`t Tå.

IMG_0774

Enda ei lue, denne gangen i Silja.

IMG_0784

Eit par vottar, som skal tovast. Strikka i Vamse garn fra Rauma.

IMG_0783

Så har eg fått kalendargave fra kjæraste bestevennen Kristina ❤

IMG_0785

Eg hadde laga kalendar til Ida, i den hadde eg ein engel som eg kjøpte i Volda i november. Av alle ting på denne jord, hadde Ida kjøpt akkurat den samme engelen til meg i julegave. Vi vart like paffe begge to når vi såg at vi hadde kjøpt det samme til kvarandre ❤

IMG_0779

Som kanskje noken har observert, har eg gått laus på restegarnet mitt til dei fleste prosjekta. No held eg på med desse Regnbuelestane, fra Hillesvåg i restegarn.

IMG_0775

1. juledag kom Dagmar fykandes og tok straumen på kvelden hos oss nokre timar. Men det hindra meg ikkje i strikkinga Smilefjes

IMG_0767

Til slutt vil eg ynskje dykk eit riktig Godt Nyttår, og velkommen tilbake neste år.

Published in: on desember 31, 2011 at 12:57  Comments (2)