Vårsokken.

Mai sokken Projo sin sokke/ vottealong. Strikka i Fjell på pinne nr 4.

20140514-203213.jpg

Published in: on mai 14, 2014 at 20:32  Legg igjen en kommentar  

Kjole.

Ei bestilling på babykjole. Strikka i Drops merino på pinne nr 4. Drops mønster18-9. Manglar 2 knappar 🙂

20140514-203052.jpg

Published in: on mai 14, 2014 at 20:30  Comments (2)  

Liten Fuggel.

April sokken i Projo sin sokke/ vottealong. Dtrikka i Dale babyull på pinne nr 3.

20140514-202845.jpg

Published in: on mai 14, 2014 at 20:28  Legg igjen en kommentar  

Kjøkkenklut/ tvåge.

Har strikka 2 klutar i Marks & Kattens, Victoria, 100% bomull, ca 82 m på 50 gr, pinne nr 4. Mjuke og gode 🙂
Du kan bruke det garnet du vil.
Eg har lagt opp 48 + 1, (delelig med 3 + 1).
1. Omg Ta 1 laus av strikkevegen, *3 vrang, 1 rett* ut omg, snu
2. Omg Ta 1 laus av vrang, * 3 rett, 1 vrang* ut omg, snu
3. Omg Ta 1 laus av strikkevegen, strikk rett ut omg, snu
4. Omg Ta 1 laus av vrang, strikk vrang ut omg. Gjenta omg 1-4 så langt du vil, eller til nøstet er tomt 🙂

20140514-202720.jpg

Published in: on mai 14, 2014 at 19:56  Comments (1)  

Bunadstrømper til å mødast av.

Strikka i veg første paret samstundes på ein pinne. Kom ca halvegs og oppdaga ein feil. Måtte rekke opp, for så å strikke vidare, og greide å strikke feil både ein og to og tre ganger til. Det hadde flytta inn eit troll av eit monster i dette paret. Forbant meg på å aldri strikke slike strømper nokon sinne ein einaste gang meir i mitt liv. Inntil ho som hadde bestilt dei, pent spurte om eg kunne strikke eit par til. Tok meg kraftig sammen og fikk begge para ferdig 🙂 strikka i babyull på pinne nr 3.

20140503-165459.jpg

Published in: on mai 3, 2014 at 16:56  Legg igjen en kommentar