Oktobersokkane 2008.

 

Da var sokkane ferdig. Men eg bomma fullstendig på mengde garn pr sokk, så eg fikk for lite (kremt, har eg kjøkkenvekt eller???) Så fargen på fellinga til tåa vart ulik, men pysj pytt, kva gjer vel det… Strikka i OnLine på pinne nr 2,5. Her finner du oppskrifta til Flutter-by sokkane.

Published in: on oktober 12, 2008 at 13:34  Comments (6)  

Septembersokken 2008.

                                                                                                                                                                        Ferdig med septembersokkane. Vart litt forsinka denne mnd, men håper det går bra alikavel.

Dei er strikka i Hjerte Sock 4, på pinne 2,5. Det raude mønsteret er strikka i Rauma Babyull.

 

No har eg begynt på ein velfortjent haustferie, og i dag går turen til hytta. Sekken er pakka full av garn og ymse strikkebøker eg har bestilt.

Ønsker alle som er innom ei fin helg.

Published in: on oktober 3, 2008 at 6:49  Comments (24)  

Gryteklut Along.

 

 

I et aldri så lite sinnsforvirra augeblikk, meldte eg meg på denne Alongen på HB. Hadde egentlig heilt gløymt av den, inntil i dag. Så no har eg strikka et par gryteklutar. Strikka i dobbel Bomull Sport fra Gjestal på pinne nr 4.

Har lagt opp 3 masker, strikk 1 omg, snu.  Auk 1 maske i første og siste maske, snu. Strikk rett tilbake, snu. Auk 1 maske i første og siste maske, snu. Strikk rett heile tida, men hugs å auke i annakvar omgang. Strikk til du har 51 masker, så begynner du å felle på same måte som du auka, strikk sammen dei to første og to siste maskane på annankvar omgang til du har 3 masker att. Fell av.

Published in: on august 31, 2008 at 19:42  Comments (11)  

August sokkane 2008.

 

 

Ferdig med august sokkane. Strikka i Silja på pinne nr. 2,5. Mønsteret heiter «En Lilla sky», som Kate har laga.

Published in: on august 27, 2008 at 18:15  Comments (36)  

Oppdatering

 

Ferdig med august lua. Dette er Lina som eg har strikka i Sisik på pinne nr 4. Kom litt skeivt ut på første fletta, men gadd rett og slett ikkje å rekke opp att..

Ferdig med den eine sokken til Sokkealongen. Begynner å bli ganske lei, for pinne nr 2,5 og tynt garn er kjedelig… Har lagt opp nr 2, så eg skal vel komme i mål denne gangen også.

Har strikka nokre kjøkkenklutar inni mellom alongane.

Published in: on august 24, 2008 at 10:18  Comments (16)  

UFO Along 2008.

Så har Trollmor startet opp årets UFO Along. Eg har etter mykje om og men meldt meg på. Har nokre antikvariske prosjekt eg burde få bort fra skuffer og skap. Starta på dei for mange år sida, så kanskje ved å være med denne gangen kan noke av det bli ferdig i år?!

I have signed up at the UFO Along, in the hope of finishing some of my wery old project.

  1. En barnegenser i Pt 5 Sport. Her er det bare noke monteringsarbeid igjen.
  2. Oldemor ruter som er minst 20 år gamle. Dette kan hende eg kjem til å hekle meir på i et anna garn, eventuelt lager noke av dei som eg har.
  3. Kunststrikka duk, veit ikkje om eg har mønsteret enda.
  4. Kunststrikka duk, veit ikkje om eg har mønsteret enda.
  5. Ei jakke til meg sjøl i Silke Tweed. Denne går mest sansynlig til opprekking.
  6. Et Bølgeteppe….
  7. Herrevotter i Rauma Gammelserie.

 

Published in: on februar 13, 2008 at 18:43  Comments (6)  

Garnmysteriet 3, del 1 og 2. Yarnmystery 3, part 1 and 2.

Ja da er eg ferdig med dei to første delane i Garnmysteriet 3. Aner ikkje kva dette skal bli, men er det ei lue, ler eg høgt, for dette garnet klør. Neste og siste del kjem 15 februar, og da er eg borte uten tilgang på data…. Så da får eg ikkje kva det er før søndag 17 februar.

Now I have finished part 1 and 2 in Yarmystery 3. I dont know what it shall be at the end. But we get the last part on friday 15th february.

Published in: on februar 11, 2008 at 22:36  Comments (6)  

Nisse Along 2007.

Har meldt meg på Nisse Along. Sidan eg allerede er i full sving med Nisser, passa dette meg utmerket. Det er Kiwa som har starta denne på Hobby Boden. Tusen takk til deg for flott initiativ 🙂 Sjekk den søte knappen som Babsy har laga 🙂

Published in: on september 24, 2007 at 19:45  Comments (4)