Strikking og ferie.

Den 18.oktober reiste eg for å besøke Ninne i Tønsberg.

Eg hadde nokre fantastisk kjekke dagar saman med Ninne, med topp forplening og oppvarting. (Skal heldigvis snart tilbake :))

Fredag tok vi ein tur til Verdens Ende. Ei fantastisk flott naturpærle.

 

Og her satt eg å venta på drømmeprinsen som aldri dukka opp 🙂

Laurdag reiste eg og Ida på tur til Kjøpenhavn. Vi budde på dette flotte hotellet. Godt med kvalitetstid saman med verdens beste datter ❤

Så tok eg turen tilbake til Ninne. På mandag tok vi ein tur til Seljord på Telespinn. Kjempe kjekt å sjå garn i produksjon. Og sjølvsagt vart der med nokre hesper heim 🙂 Har planar for alle hespene.

Vi måtte sjølvsagt stoppe ved Heddal stavkyrkje på turen.

På tysadag reiste eg til Egypt aleine. Budde fantatastisk flott på DETTE hotellet.


Vart med på ein tur for å sjå ville Delfinar og snorkle i Røde Havet. Heilt utrulig fantastisk opplevelse.

Dette korallrevet snorkla vi rundt.

Har fått strikka litt også på turen. Eit par Ronilles spiralsokker fra boka mi Mauds Hjerte. Strikka i dobbelt garn, ein tråd Jarbo mellomraggi og ein tråd tynn Fortissama, på pinne nr 4.

Så har eg strikka eit Ka’ana shawl i Drops Alpaca Baby silk, på pinne nr 4. Her er det ikkje blokka.

 

 

 

 

 

 

 

Published in: on november 1, 2012 at 21:16  Comments (3)  

Trollmor strømper.

Kristina hadde nokre nøster Austermann Alpaca Silk som eg fikk og har no strikka 2 par Trollmor strømper fra boka mi Mauds Hjerte som ho skal få.

20120809-075649.jpg

Published in: on august 9, 2012 at 7:54  Comments (2)  

Litt sommarproduksjon, og litt ymse.

Har ikkje hatt den heilt store gnisten no etter eg la ned Garnkroken. Men den kjem nok snart tilbake.

Har fortsatt GARNSALG (trykk på linken for å kome til innlegget). BOKA Mauds Hjerte er fortsatt 99,- + 25 i porto 🙂

Har strikka eit par sjal. For bestilling, send mail til ellinor.kvammen(at)tussa.com

Traveling Woman, strikka i Handfarga Tynn Alpakka frå DSA.

TIL SALGS, 300,-

IMG_0574

Multnomah, strikka i Fotrama, tynn Alpakka. Takker Synnøve for norsk oversetting.

TIL SALGS 300,-

IMG_0575

Dette sjalet skal døtra mi ha. Strikka i Tynn Alpakka fra DSA.

IMG_0576

Så har eg strikka ei jakke i Algarve Grande, bomull, mønster fra Garnstudio. Dette var ei bestilling.

IMG_0573

IMG_0572Eit par klutar til Ida, ho tok ut garnet sjøl da vi var på Tjorven. Strikka i  Muskat på pinne nr 4.

Mønster: Legg opp 47 masker på pinne nr 4.

1.omg. Strikk *3 rett, 1 vrang*  avslutt med 3 rett, snu.

2.omg. Strikk 1 rett, *1 vrang, 3 rett* avslutt med 3 rett, snu.

Gjenta omg 1 og 2 så langt du ønsker eller til nøste er tomt.

Du kan bruke det garnet du vil og den pinnestørrelsen du vil, legg opp så mange du ønsker. Pass på at den midterste rette av dei 3 rette på 1. omg, vert 1 vrang på 2. omg.

IMG_0577

Hadde kjempe koselig besøk av 2 av mine kjære barndomsveninder, og eg fikk kjempe fine gåver. Tusen takk jenter.

IMG_0566

IMG_0567 

IMG_0568IMG_0569

Har også vore ein liten tur til Oslo og sett den flotte leiligheta til Ida og Johan. Vi var der i 3 dagar, og bærre kosa oss og var urbane.

P1020557

P1020563

P1020561

P1020564

P1020541      P1020547

No fyller eg dagane med strikking og så har eg begynt å lese Øya. Ei fantastisk bok som eg anbefalar alle å lese.

Ynskjer alle ein fortsatt fin sommar 🙂

knitting-ripleys

Hipp hurra eg er så glad.

No sit eg med prøveeksemplaret av boka mi, og skal lese korrektur. Dersom alt no er i orden går den i trykken i morga 🙂 Klikk på bilda for å få dei større.

Top

Top-1

Published in: on juli 29, 2009 at 18:41  Comments (32)  

Eit lite livstegn :)

Well, har ikkje blitt så mykje blogging i det siste. Men eg er fullt opptatt med å lage ei bok. Ei sokkestrikke bok, med grunnleggandes oppskrifter på sokker og tå opp sokker. Garnet er sponsa av Mauds Garn. No er 12 modellar ferdige, og er ute på teststrikking hos ymse snille strikkedamer. Boka er tenkt å kome ut i august-09. Gleda meg til den vert ferdig 🙂

Her er ein liten smakebit…

P1010652

Utenom sokkestrikkinga har det ikkje blitt tid til så mykje anna, bortsett fra eit par klutar.

P1010651

Published in: on mai 10, 2009 at 9:24  Comments (39)