Ynskjer 2014 velkomen med ein mariusgensar på pinnane, nydelige roser fra min kjære, glad for at Ida mi er vel heime i Oslo og kjempe klar for nye opplevingar og utfordringar 🙂
Mykje å oppdatere :)
I slutten av mai, var eg på ein kjempe fin tur til Barcelona saman med verdens beste 🙂
I juni gjekk turen til vakre Tjøme, på hytta til Ninne. Her var vi 5 strikkeglade damer samla nokre fantastisk flotte dagar. Eg og Ninne starta dagane med eit bad i sjøen, med 12 grader får ein vel seie at det var frisk start på dagen. Vi kosa oss med strikketøy, skravling, god mat og drikke.
Så gjekk turen til Mallorca saman med mi kjære Ida ❤ her hadde vi ei veke med sol og avslapping.
Ein tur til Kristina i Trondheim.
Ut på tur igjenn, denne gangen til Nice saman med Ida ❤
Vi tok også ein tur til Monaco, Montecarlo.
Ein tur til Førde måtte eg sjølvsagt også.
Ein liten rundtur via Geiranger, Åndalsnes og Molde. Overnatta på Rica seilet 🙂
Årets Strikk i Ørska hadde i år 5 års jubileum. Ei kjempe kjekke helg 🙂
Heime nokre dagar, så gjekk turen til Stavanger og kjærestehelg. Vi reiste til Gøteborg ❤
Fann sjølsagt ein garnbutikk og fikk snopa litt.
Ein liten spasertur på Solastrand, før eg flaug heim.
Ida og Johan var her i helga, og eg vart møtt med roser på bordet og nysnø i fjella.
Det var sommaren 2013 kort fortalt 🙂 Og det som har blitt strikka i sommar er 2 Orionsbelte i Kauni. Har ikkje strikka kanten rundt enda.

Danmarkstur og garnshopping.
Har vore på en liten Danmarkstur, og sjølsagt var der nokre garnbutikkar eg måtte innom.
I Saltum var der ein koselig garnbutikk, der fann eg Nydelig Arwetta.
I Ribe var der ein garnbutikk, som heiter Ribe’s broderi og garn, der kjøpte eg eit Hanne Falkenberg strikkekit, litt babyalpakka og Geilsk.

På tide med ei lita oppdatering!
Kvar har lysta til å blogge blitt av? Dette vert ei oppdatering fra i fjor. Ting har tatt tid, men no ser det ut til at 2013 kan bli eit godt år, det har starta godt ijaffall…. ❤
Har vorte nokre tura og mange nye kjekke opplevingar i november og desember 2012 også.
Var ein tur til Førde og besøkte mi kjære gode veninde Laila.
Når eg kom fram, fikk eg servert garnprodusenten min til middag, skrekk og gru, men det var faktisk ganske godt 🙂
Vi var stadig på farten, alt fra tur i skogen med grilling av pølser til båttur til Svanøy.
Her nokre bilder fra Eika, øya der Eiksundtunellen kjem ut.
Den 19.november 2012, reiste 5 damer på garnshopping til Kjøpenhavn. Vi tok Danskebåten fra Oslo.
Måtte invistere i nye pinner 🙂
Garnsnoping 🙂
Har strikka eit Kaána sjal i merinoull.
Hals til Ida.
Hals til Johan, strikka i dobbel babyull.
Selbuvottar til Ida.
Nokre klutar har eg også fått strikka.
Fikk bestilling på Strømsgodset lue, strikka også eit par strømper i SIF fargar.
Tradisjonen tro, har PikeneMedStrikkepinnePinnane hatt julebord, denne gangen heime hjå meg.
Julafta feira eg, Ida og Andreas hjå mamma og pappa i Volda.
Eg fikk den store ære og glede av å få være nisse hjå naboane, men det vart nissemora som kom på besøk.
No er vi godt i gang me 2013, på pinnane har eg litt ymse, turar har det vorte og fleir skal det bli….. Spanandes kva som skjer vidare no ❤

Strikking og ferie.
Den 18.oktober reiste eg for å besøke Ninne i Tønsberg.
Eg hadde nokre fantastisk kjekke dagar saman med Ninne, med topp forplening og oppvarting. (Skal heldigvis snart tilbake :))
Fredag tok vi ein tur til Verdens Ende. Ei fantastisk flott naturpærle.
Og her satt eg å venta på drømmeprinsen som aldri dukka opp 🙂
Laurdag reiste eg og Ida på tur til Kjøpenhavn. Vi budde på dette flotte hotellet. Godt med kvalitetstid saman med verdens beste datter ❤
Så tok eg turen tilbake til Ninne. På mandag tok vi ein tur til Seljord på Telespinn. Kjempe kjekt å sjå garn i produksjon. Og sjølvsagt vart der med nokre hesper heim 🙂 Har planar for alle hespene.
Vi måtte sjølvsagt stoppe ved Heddal stavkyrkje på turen.
På tysadag reiste eg til Egypt aleine. Budde fantatastisk flott på DETTE hotellet.
Vart med på ein tur for å sjå ville Delfinar og snorkle i Røde Havet. Heilt utrulig fantastisk opplevelse.
Dette korallrevet snorkla vi rundt.
Har fått strikka litt også på turen. Eit par Ronilles spiralsokker fra boka mi Mauds Hjerte. Strikka i dobbelt garn, ein tråd Jarbo mellomraggi og ein tråd tynn Fortissama, på pinne nr 4.
Så har eg strikka eit Ka’ana shawl i Drops Alpaca Baby silk, på pinne nr 4. Her er det ikkje blokka.

Sommar 2012. Oslo.
Det vart eit par dagar i Oslo etter at vi hadde vore på Rhodos. Her fikk eg gleda av å treffe att Ragnhild og Ninne. Første stopp var sjølvsagt Tjorven og garnsnoping.
Eg og Ranhild satt å venta på Ninne på Aker Brygge.
Ein kjempe fantastisk koselig dag, med 2 kjempe fantastisk nydelig kjekke damer ❤
På søndag før avreise skulle vi ut å spise middag, været hadde vore nydelig heile dagen men….
Verdens beste Ida mi ❤

Sommar 2012. Rhodos.
Så var turen kome for sol og varme. I år var vi på Rhodos, i Faliraki. Dagane gjekk mest med til soling og bading, men vi leigde bil eit par dagar for å sjå oss litt rundt. Noko som egentlig vart litt for varmt….
Butterfly valley.
1200 moh, her var fullt av varder som folk hadde laga.
Litt skjønnhetspleie hører med.
Strikke må eg sjølv om det er 40 grader i skyggen
Mojito ❤
Solnedgang.
Siste kvelden var eg så heldig at eg fikk treffe mi gode og kjære barndomsveninde Hilde ❤
Og sjølvsagt måtte det vere med ein liten sau heim.

Påska 2012.
Vi reiste på hytta tysdag 3. april. På veg til hytta er der ein obligatorisk stopp på Rauma Ullvare. Der kjøpte eg finull og bomull på Dagmarsalg til 10,- pr. nøste.
2 nøster av bomullsgarnet har blitt til 2 Ballbandklutar.
Ellers har eg strikka på enda eit Royale teppe i Baby Silk Alpakka.
Ida og Johan har vore saman med oss i påska, og vi har hatt nokre kjempe fine dagar saman.
Ein må kle seg godt når ein skal på måneskinnstur i –12 kuldegrader
Det har vore ei kjempe kjekke og koselig påske, berre så dumt at tida går så fort…

Alanya sommaren 2011
Det siste året har gått med til mykje jobbing, så no var det på tide med ein velfortjent ferie.
Vi bestilte fredagskvelden og reiste mandag. Eg oppdaga at eg ikkje hadde gyldig pass, så eg måtte ha meg nødpass nokre timar før avreise
Ferien vart 100% avslapping med strandliv, god mat og drikke. Fantastisk godt å komme til 47 grader i sola og 32 grader i sjøen, når vi har hatt ein møkkasommar her heime.
Kjøp 1 få 2….

Påskeferie 2011.
I går kveld kom vi heim etter nokre fantastisk flotte dagar på fjellet. Ida og Johan kom med toget fra Oslo og var saman med oss. Innimellom Monopol, Yatzy og Scrabble fikk eg strikka nokre klutar, eit par Circle socks og litt vidare på teppet mitt.
Circle socks i Regia.
Klutar i Muskat Soft og ein klut i Viking, melk og honning.
Denne vesle karen levde opp til sitt rykte, sint som eit Lemen. Der var mykje Lemen rundt hytta, så det vert nok eit godt smågnagar år.
Ida og Johan tok seg ein trugetur, da skiføret ikkje var heilt på topp. Lite snøv for å vere april.
Ein flott solnedgang avslutta påskeferien i år.
