Trollmor strømper.

Kristina hadde nokre nøster Austermann Alpaca Silk som eg fikk og har no strikka 2 par Trollmor strømper fra boka mi Mauds Hjerte som ho skal få.

20120809-075649.jpg

Published in: on august 9, 2012 at 7:54  Comments (2)  

Litt sommarproduksjon, og litt ymse.

Har ikkje hatt den heilt store gnisten no etter eg la ned Garnkroken. Men den kjem nok snart tilbake.

Har fortsatt GARNSALG (trykk på linken for å kome til innlegget). BOKA Mauds Hjerte er fortsatt 99,- + 25 i porto 🙂

Har strikka eit par sjal. For bestilling, send mail til ellinor.kvammen(at)tussa.com

Traveling Woman, strikka i Handfarga Tynn Alpakka frå DSA.

TIL SALGS, 300,-

IMG_0574

Multnomah, strikka i Fotrama, tynn Alpakka. Takker Synnøve for norsk oversetting.

TIL SALGS 300,-

IMG_0575

Dette sjalet skal døtra mi ha. Strikka i Tynn Alpakka fra DSA.

IMG_0576

Så har eg strikka ei jakke i Algarve Grande, bomull, mønster fra Garnstudio. Dette var ei bestilling.

IMG_0573

IMG_0572Eit par klutar til Ida, ho tok ut garnet sjøl da vi var på Tjorven. Strikka i  Muskat på pinne nr 4.

Mønster: Legg opp 47 masker på pinne nr 4.

1.omg. Strikk *3 rett, 1 vrang*  avslutt med 3 rett, snu.

2.omg. Strikk 1 rett, *1 vrang, 3 rett* avslutt med 3 rett, snu.

Gjenta omg 1 og 2 så langt du ønsker eller til nøste er tomt.

Du kan bruke det garnet du vil og den pinnestørrelsen du vil, legg opp så mange du ønsker. Pass på at den midterste rette av dei 3 rette på 1. omg, vert 1 vrang på 2. omg.

IMG_0577

Hadde kjempe koselig besøk av 2 av mine kjære barndomsveninder, og eg fikk kjempe fine gåver. Tusen takk jenter.

IMG_0566

IMG_0567 

IMG_0568IMG_0569

Har også vore ein liten tur til Oslo og sett den flotte leiligheta til Ida og Johan. Vi var der i 3 dagar, og bærre kosa oss og var urbane.

P1020557

P1020563

P1020561

P1020564

P1020541      P1020547

No fyller eg dagane med strikking og så har eg begynt å lese Øya. Ei fantastisk bok som eg anbefalar alle å lese.

Ynskjer alle ein fortsatt fin sommar 🙂

knitting-ripleys

Sommartilbod på Mauds Hjerte.

Selger restopplaget på Mauds Hjerte til kr 99,- + 26,- i porto.

Send mail til ellinor.kvammen(at)tussa.com, så kjem den plutselig til deg 🙂

Maud-2

Published in: on juli 3, 2010 at 12:19  Comments (5)  

Rettelser til Mauds Hjerte.

Det har desverre sneket seg inn nokre feil i boka mi. Men her er rettelsane til dei som ikkje har fått den 🙂

S.4 Trollmor.
1. omg….Du har nå 18 masker på pinne 1 og 4, 12 masker på pinne 2 og 3.

S. 11 Josefine.
Legg opp 36 (40) 44 masker. Strikk ca 14 (16) 18 cm.
I avsnittet som begynner med Fell på hver andre omg… Siste linje- strikk til ca 10 (12) 14 cm før felling av tå.

S. 16 og 17 Kristin Helene.
s.16 Strikk 2 rett 2 vrang i ca 4 cm.
Mønster
1.omg *2 rett…
3.omg *1 rett…
Gjenta disse 12 omg ca 20 cm.
s. 17 Der setningen begynner med Fortsett  videre med mønster…………… 2.  hver omg på pinne 1 og 4 slik:………..

S. 18 Wenche
Mønster……………….. til du kommer til neste siste linje på denne setningen, 1 kast, 1 rett, 1 kast,  1løs av….

S. 22 Kristin
Helfelling
Strikk 20 (20) 23 masker, ta 1 maske løs av, strikk 1 rett, trekk den løse masken over. Snu.
1 vrang løs av, strikk 8 (8) 10 vrang, 2 vrang sammen. Snu.
1 løs av, 8 (8) 10 rett, ta 1 maske løs av, strikk 1 maske, trekk den løse masken over. Snu.
Plukk opp 15 (17) 19 masker på helens venstre side, plukk opp 1 maske i tråden mellom 1. og 2. pinne for å unngå hull. Strikk mønster omgang 4 på pinne 3 og 4, plukk opp 1 maske i tråden mellom pinne 3 og 4, plukk opp 15 (17) 19 masker på helens høyre side.
Fortsett videre med mønster på pinne 2 og 3, samtidig som det skal felles på 2. hver omg på pinne 1 og 4 slik: ….

S. 30 Mauds Hjerte
7. omg *2 sammen, 1 kast, 7 rett, så mangler det 1 kast.
9. omg. her mangler det 1 kast på hver side av siste gang det strikkes 9 rett

Mvh Ellinor 🙂

Published in: on januar 19, 2010 at 19:05  Comments (3)  

Boka Mauds Hjerte.

Bestilling skjer via min e-post: ellinor.kvammen(at)tussa.com, der skriv du navn og adresse.

Skift ut (at) med @

Prisen er 129 kr + porto 25 kr = 154 kr.

Kontonr. Garnskapet 6562. 06. 30823 Husk å merk med navnet ditt.

Ingen bøker vert sendt ut før eg har registrert innbetaling.

TRENGER DU GARN TIL SOKKANE, HAR EG DET OGSÅ.

Published in: on oktober 2, 2009 at 10:00  Comments (1)  

Ei lita oppdatering.

Ja kjære bloggvenner, eg er her fortsatt. Men mykje har skjedd den siste tida. Som kjent har eg gjeve ut ei sokkestrikkebok, og no er eg i oppstartfasen med Garnkroken. Eg har sagt opp jobben min som styrar i barnehage (har eit 70% vikariat i år) og startar garnbutikk i Ørsta 17 oktober 2009. Dette er ein draum eg har hatt i mange år, og no vert den realisert.

Helga 18.- 20. september, arrangerte vi Strikk i Ørska. Ein knall suksess som vert reprise på neste år.

Strikkesamling på fjellet.

image

Kristin Helene Ødegård, Ellinor «Ronille» Kvammen, Kristina «Trollmor» Fremstad og Wenche «Wencha» Hovde Otlo stod bak strikketreffet på Ørskogfjellet.

Artikkelen er skrive av Helene Henriksen.

Enkelte tar hobbyen sin til nye høgder. Som damene som reiser over halve landet, for å sitje ei heil helg på Ørskogfjellet og strikke, saman med gode nett-venner.

Somme vil hevde at våre gamle handverkstradisjonar er i ferd med å gå i gløymeboka. Samstundes er det i dag lettare enn nokon gong for personar med «smale» interesser å komme i kontakt med likesinna. Oppblomstringa av handarbeidsforum og strikkebloggar på nettet gjer at online-kontakt erstattar
den gode gamle handarbeidsforeninga.
Men av og til er det kjekt å treffast ansikt til ansikt og.

Ei av dei ivrige nett-strikkarane er Kristin Helene Ødegård frå Tresfjord. Med eigen strikkeblogg, mange nett-venner og ei strikkeinteresse noko over gjennomsnittet har ho også deltatt på samlingar for dei strikkefrelste.
Ønsket om eit lokalt treff dukka opp, og saman med tre andre strikke-bloggarar frå fylket vårt

– Vi har delteke på liknande treff andre stader i landet, og hadde veldig lyst til å få til noko her i fylket, fortel Kristin Helene, Wencha, Trollmor og Ronille, som er arrangørane sine nett-nick.
Deltakarane har komme med fly, tog og buss frå dei fleste kantar av landet, frå Rogaland i sør til Trøndelag i nord. I overkant av 50 damer i alderen 20-60
har brukt ei heil finevershelg til å sitje inne på Fjellstova og strikke. Innimellom omgangane har det visst blitt nokre fjellturar også.
– Ikkje alle har vore på denne kanten av landet før, og er veldig imponert over landskapet her. Fjellet er jo kjempefint på denne tida av året, seier arrangørane.

Fine fargar var det også innandørs, der heile seks butikkar hadde tatt med seg utval i garn og stoff for å freiste deltakarane.
– I staden for å arrangere utflukter til butikkane har vi invitert dei hit, fortel arrangørane.
– Heile helga har det vore strikking, kos og sosialt samvær.
Vi har kosa oss veldig i lag, og det er kjekt å treffe personar som ein berre har møtt på nettet tidlegare.
Men med så mange strikkedamer på ein plass er nok det beste mønsteret ein rett, ein rett, ein rett, spøker arrangørane.

– Vi blitt veldig godt tatt vare på av vertsskapet på Fjellstova. Maten er kjempegod, og dei har stått på pinne for oss heile helga, seier dei fire initiativtakarane.
Og det nederlandske vertsskapet fekk ei ekstra helsing frå dei fornøgde strikkarane. I løpet av helga produserte dei nemlig også to par heimestrikka sokkar, der alle deltakarane var med å strikke nokre omgangar.
Dei har allereie planer om å gjenta suksessen neste år.
Samlinga hadde fått det treffande namnet «Strikk i Ørska», og dei
fleste deltakarane var rekrutterte frå forumet «Hobbyboden».

image

Har ein tidlegare kollega som har termin i desse dager, og eg har strikka litt ymse til ho. Baby bootisane er fra boka mi, Mauds Hjerte.

P1020250

P1020251

P1020225

I sommar var eg og mamma ei veke i Tyrkia, Side. Vi hadde det kjempe flott på alle måtar, men angra bittert på at vi ikkje tok 2 veker, for det har stort sett regna sidan vi kom heim.

P1010911

P1010989

P1020037

Published in: on oktober 2, 2009 at 9:38  Comments (15)  

Mauds Hjerte.

No har endelig Mauds Hjerte ankommet heimen. Her er oppskrifter på 15 sokkepar, for liten og stor. Dei er strikka på både tynne og litt tjukkare pinner og garn. No er det bare å følge bruksanvisninga under, så kjem boka i postkassa di ❤

image

Published in: on august 19, 2009 at 15:52  Comments (28)  

Litt informasjon ang. Mauds Hjerte.

Etter ein del fram og tilbake og fram og tilbake igjen, så er no endelig boka vekk sendt til trykking. Eg har den i hende onsdag 19. august ca klokka 13.00 (nedtelling). Eg skal på Varemessa på Lillestrøm den helga, så bøkene vert sendt ut fra og med mandag  24. august.

Bestilling skjer via min e-post: ellinor.kvammen(at)tussa.com, der skriv du navn og adresse.

Skift ut (at) med @

Prisen er 129 kr + porto 25 kr = 154 kr.

Kontonr. Garnskapet 6562. 06. 30823 Husk å merk med navnet ditt.

Ingen bøker vert sendt ut før eg har registrert innbetaling.

Published in: on august 14, 2009 at 17:08  Comments (11)  

Mauds Hjerte.

No er eg ferdig med den sokken som skal være hovedtittelen på boka mi, Mauds hjerte. Denne tittelen har eg valgt grunna ei kjempe snill dame med navn Maud Eng, som har sponsa meg med garn til boka mi. Håper ho vert fornøgd med sokken som er oppkallt etter ho 🙂 Den er strikka i Austermann Royal, og har teknikken Tå Opp.

(Klikk på bilda for å få dei større).

P1010901

P1010902

P1010903

P1010904

P1010905

P1010907

Published in: on juli 5, 2009 at 9:14  Comments (23)