Kjøkkenklut/ tvåge.

Har strikka 2 klutar i Marks & Kattens, Victoria, 100% bomull, ca 82 m på 50 gr, pinne nr 4. Mjuke og gode 🙂
Du kan bruke det garnet du vil.
Eg har lagt opp 48 + 1, (delelig med 3 + 1).
1. Omg Ta 1 laus av strikkevegen, *3 vrang, 1 rett* ut omg, snu
2. Omg Ta 1 laus av vrang, * 3 rett, 1 vrang* ut omg, snu
3. Omg Ta 1 laus av strikkevegen, strikk rett ut omg, snu
4. Omg Ta 1 laus av vrang, strikk vrang ut omg. Gjenta omg 1-4 så langt du vil, eller til nøstet er tomt 🙂

20140514-202720.jpg

Advertisements
Published in: on mai 14, 2014 at 19:56  Comments (1)  

Oppskrift på små julemus.

 

Garn som passar til pinne nr 4. Eg har brukt restegarn, og lagt dobbelt med tynn finull og alpakka. Litt svart ullgarn til å sy snuten med, 2 perler til auge, ull eller anna til stuffing, verhår og heklekrok til å hekle halen med.

IMG_0764


Legg opp 7 maskar.
1. omg. Rettsida, Strikk 2 m rett, auk 1 m ved å strikke i fremre og bakre maskeledd, auk neste maske på samme måten, strikk 3 m rett, snu. 7 m på pinnen.
2. omg. Vrangsida, strikk alle m vrang. Snu.
3. omg. Rettsida, strikk 3 m rett, auk på samme måte som 1. Omg, 4 m rett, Snu. 9 m på pinnen.
4. omg. Vrangsida, strikk alle m vrang.
Gjenta til du har 31 m på pinnen.
Strikk  1 omg vrang, 1 omg rett, 1 omg vrang.
Rettsida, strikk 1 rett, ta 1 m løs av pinnen, strikk neste maske og ta den løse m over x 7, 1 rett, 2 rett sammen x 7, 1 rett. 17 m på pinnen. Snu.
Vrangsida, strikk vrang ut pinnen. Snu.
Rettsida, 1 rett,  ta 1 m løs av pinnen, strikk neste maske og ta den løse m over x 3, 3 rett, 2 rett sammen x 3, 1 rett, 11 m på pinnen. Snu.
Strikk 1 omg rett, klipp av tråden, (la enden vere litt lang så du kan hekle halen av den), og trekk tråden gjennom maskane.

Ører. Lag 2 stk.
Legg opp 3 masker.
1. Omg. Auk 1 m  ved å strikke i fremre og bakre maskeledd, strikk 2 m rett. Snu
2. Omg.  Auk 1 m  ved å strikke i fremre og bakre maskeledd, strikk 3 m vrang. Snu
3. Omg. Auk 1 m  ved å strikke i fremre og bakre maskeledd, strikk 4 rett. Snu.
4. Omg. Auk 1 m  ved å strikke i fremre og bakre maskeledd, strikk 5 vrang. Snu. 7 masker på pinnen.
Strikk 1 omg rett, klipp tråden, og trekk gjennom maskane.

IMG_0766

Form og sy på ørenene og sy sammen undersida nesten heilt bak. Stuff den med ull el.l. og sy sammen resten.

Stram tråden som no skal bli hale, og hekle ca 20 luftmasker til halen.

Eg har brukt 2 små treperler som eg har mala svarte til auger. Sy sammen snuten med svart ulltråd, samstundes som du syr fast nokre verhår. Eg har klipt busta av piasavakosten min.

Lykke til.

Published in: on desember 20, 2011 at 9:51  Comments (8)  

Oppskrift på Kosetøffler.

Denne oppskrifta er ofte brukt på babytøffler, men eg har strikka dei i tjukkare garn og med tjukkare pinnar. Ein kan bruke det garnet ein vil, og dermed få den størrelsen som måtte passe.

Her har eg brukt Artic frå Europris og pinne nr 5,5. dei passar til ca 37-38. Brukte nøyaktig 2 nøster, men ein kan og bruke dobbelt av tynnare garn og få gode tøffler av det også. Prøv deg fram, så vert heilt sikkert resultatet brukandes til ein eller annan som frys på beina 🙂

IMG_0386

Legg opp 39 masker og strikk 1 rett, 1 vrang fram og tilbake i ca 15 cm. Det lønner seg å bruke rundpinne, da det vert litt trangt når tåa og foten formast.

Så skal du strikke vrista på dei midterste 13 maskane. Sett dei 13 maskane på kvar side av arbeidet på ei maskenål.

Omg 1 (rettsida): 26 rett, snu

Omg 2 (vrangsida): 13 rett, snu

Omg 3 (rettsida): 13 rett, snu. Fortsett slik til du har 17 riller, (34 omg).

Tå:

Omg 1 (rettsida): 2 rett sammen, 9 rett, 2 rett sammen, snu.

Omg 2 (vrangsida): rett tilbake, snu.

Omg 3 (rettsida): 2 rett sammen, 7 rett, 2 rett sammen, snu.

Omg 4 (vrangsida) rett tilbake, snu.

Omg 5 (rettsida): 2 rett sammen, 5 rett, 2 rett sammen, IKKJE snu.

Så skal foten strikkast slik:

Omg 1 (rettsida): Plukk opp og strikk 19 masker rett langs venstre side av vrista, og dei 13 maskane frå maskenåla, snu.

Omg 2 (vrangsida): Strikk 39 masker rett, og plukk opp og strikk 19 masker rett frå den høgre sida av vrista, og dei 13 maskane frå maskenåla, 71 masker totalt, snu.

Strikk fram og tilbake, rillestrikk, 5 riller (10 omg.).

Sålen formast:

Omg 1 (rettsida): 2 rett sammen, 28 rett, 2 rett sammen, 3 rett, 2 rett sammen, 3 rett, 2 rett sammen, 27 rett, 2 rett sammen, snu.

Omg 2 ( vrangsida): rett (66 masker), snu.

Omg 3 (rettsida): 2 rett sammen, 26 rett, 2 rett sammen, 2 rett, 2 rett sammen, 2 rett, 2 rett sammen, 26 rett, 2 rett sammen, snu.

Omg 4 (vrangsida): rett (61 masker), snu.

Omg 5 (rettsida): 2 rett sammen, 24 rett, 2 rett sammen, 1 rett, 2 rett sammen, 1 rett, 2 rett sammen, 25 rett, 2 rett sammen, snu.

Omg 6 (vrangsida): rett (56masker), snu.

Omg 7 (rettsida): 2 rett sammen, 22 rett, 2 rett sammen, 2 rett sammen, 2 rett sammen, 24 rett, 2 rett sammen, snu.

Omg 8 (vrangsida): rett, (51 masker), snu.

Du har no 9 riller til fot og såle. Strikk 26 masker rett, på rettsida, klipp av tråden og mask sammen under foten, sy sammen hel og leggen.

No har du ein Kosetøffel, og må lage ein til 🙂

 

Published in: on januar 22, 2011 at 11:59  Comments (4)  

Kjøkkenklut.

Eit par klutar til Ida, ho tok ut garnet sjøl da vi var på Tjorven. Strikka i  Muskat på pinne nr 4.

Mønster: Legg opp 47 masker på pinne nr 4.

1.omg. Strikk *3 rett, 1 vrang*  avslutt med 3 rett, snu.

2.omg. Strikk 1 rett, *1 vrang, 3 rett* avslutt med 3 rett, snu.

Gjenta omg 1 og 2 så langt du ønsker eller til nøste er tomt.

Du kan bruke det garnet du vil og den pinnestørrelsen du vil, legg opp så mange du ønsker. Pass på at den midterste rette av dei 3 rette på 1. omg, vert 1 vrang på 2. omg.

IMG_0577

Published in: on august 1, 2010 at 18:54  Legg igjen en kommentar  

Litt sommarproduksjon, og litt ymse.

Har ikkje hatt den heilt store gnisten no etter eg la ned Garnkroken. Men den kjem nok snart tilbake.

Har fortsatt GARNSALG (trykk på linken for å kome til innlegget). BOKA Mauds Hjerte er fortsatt 99,- + 25 i porto 🙂

Har strikka eit par sjal. For bestilling, send mail til ellinor.kvammen(at)tussa.com

Traveling Woman, strikka i Handfarga Tynn Alpakka frå DSA.

TIL SALGS, 300,-

IMG_0574

Multnomah, strikka i Fotrama, tynn Alpakka. Takker Synnøve for norsk oversetting.

TIL SALGS 300,-

IMG_0575

Dette sjalet skal døtra mi ha. Strikka i Tynn Alpakka fra DSA.

IMG_0576

Så har eg strikka ei jakke i Algarve Grande, bomull, mønster fra Garnstudio. Dette var ei bestilling.

IMG_0573

IMG_0572Eit par klutar til Ida, ho tok ut garnet sjøl da vi var på Tjorven. Strikka i  Muskat på pinne nr 4.

Mønster: Legg opp 47 masker på pinne nr 4.

1.omg. Strikk *3 rett, 1 vrang*  avslutt med 3 rett, snu.

2.omg. Strikk 1 rett, *1 vrang, 3 rett* avslutt med 3 rett, snu.

Gjenta omg 1 og 2 så langt du ønsker eller til nøste er tomt.

Du kan bruke det garnet du vil og den pinnestørrelsen du vil, legg opp så mange du ønsker. Pass på at den midterste rette av dei 3 rette på 1. omg, vert 1 vrang på 2. omg.

IMG_0577

Hadde kjempe koselig besøk av 2 av mine kjære barndomsveninder, og eg fikk kjempe fine gåver. Tusen takk jenter.

IMG_0566

IMG_0567 

IMG_0568IMG_0569

Har også vore ein liten tur til Oslo og sett den flotte leiligheta til Ida og Johan. Vi var der i 3 dagar, og bærre kosa oss og var urbane.

P1020557

P1020563

P1020561

P1020564

P1020541      P1020547

No fyller eg dagane med strikking og så har eg begynt å lese Øya. Ei fantastisk bok som eg anbefalar alle å lese.

Ynskjer alle ein fortsatt fin sommar 🙂

knitting-ripleys

Kjøkkenklut.

Har strikka eit par klutar som eg har kalla QuilteLine klutar. No viser det seg at det ikkje er same kluten som ho strikka, så her kjem oppskrifta slik eg strikker dei.

Legg opp 45 m på pinne 4- 4,5.

Strikk *3 vrang, 1 rett* avslutt med 1 vrang. Snu.

Strikk *3 vrang, 1 rett* avslutt med 1 vrang. Snu.

Fortsett til ønska lengde eller til nøstet er oppbrukt.

Eg har brukt dobbelt garn,1 tråd Mandarin Petit og 1 tråd Pandora.

Published in: on mars 20, 2009 at 9:07  Comments (4)  

Strikketreff og innkjøp.

I dag har vi vore på Lappestua på Strikketreff. Det var kjempe kjekt å treffe att damene. Det vart også tid til litt shopping. På Moa kjøpte eg meg nye leiker, Quick Knit. Dette anser eg mest som ei leike ja, men kan verte artigt å prøve.

På Lappestua kjøpte eg både garn og stoff. Med andre ord ein perfekt dag 🙂

På dette bilde ser vi Aria, Kristin Helene, Malva og Fru Dart (med ryggen til).

Her er Trollmor og Tove Lisbeth.

Kristin Helene og Aria.

Nærmast til venstre, Elligo.

Ojsann, sjekk stoff mannekengen.

Barbro, Tove Lisbeth og Wencha.

Fru Dart og Quilte Line.

Published in: on januar 24, 2009 at 21:10  Comments (17)  

Ida si lue.

Lisje Snuppa ønska seg ny lue, og eg har laga denne.

Her er oppskrifta:

Legg opp 112 masker på pinne 3,5 i Chiri Alpakka. Strikk 2 rett, 2 vrang 6 cm. Skift til pinne nr 4, og strikk glattstrikk 12 cm.

No startar fellinga:

Strikk 6 masker, 2 rett sammen, 6 masker rett, 2 rett sammen osv, ut pinnen. 1 omgang rettstrikk. På neste omgang strikk 5 masker rett, 2 rett sammen, 5 masker rett, 2 rett sammen osv, ut pinnen. Fortsett slik med 1 omgang rett mellom fellingane, og ei maske mindre på omgangen der du feller til du har 14 masker att, strikk 1 omgang rett, og 2 sammen på neste omgang. Det skal være 7 masker att på pinnen, slit tråden og tre den gjennom resterande masker og fest tråden på baksida.

Voila, ei varm, god og mjuk Ida lue 🙂

P.S. Link gjerne tilbake om du bruker oppskrifta mi.

Published in: on november 8, 2008 at 22:53  Comments (8)  

Ronille sine Spiralsokkar.

Mange spør etter oppskrift på desse, så her kommer den:

Eg har lagt opp 48 masker (dame) og 52 masker (herre) på pinne 3,5 med Robust fra Sandnes Garn. Ca 3 nøster. Juster etter garntype og pinnestørrelse.

Til barn: ( eg har ikkje strikka dei i barnestørrelse, men her er ca oppskrift) 2-4 (6-8) 10-12 år. Legg opp 36 (40) 44. Strikk ca 16 (14) 18 cm før hel. Strikk helen ca 4 (5) 5 cm, fell som beskrevet, men med 5 masker før snuing, plukk opp 8 (8) 9 masker, og strikk rundt. Fell på kvar andre omgang til 34 (38) 42 masker og strikk til ca 14 (16) 18 cm før felling av tå. På den minste størrelsen, fell til tå fra strikk 2 masker fell 2 osv. Dette tar eg ikkje ansvar for og er med forbehold, for eg har ikkje strikka prøve!

Strikk ca 4-5 cm 1 rett, 1 vrang. Strikk 2 rett 2 vrang 3 omganger. Etter 3 omganger forkyv mønsteret 1 maske slik:   

 Eg har strikka høgre sokk med mønsteret mot høgre og venstre sokk med mønsteret mot venstre, atter en smakssak!

Mot høgre. 

V V R R V V
V V R R V V
V V R R V V
V R R V V R
V R R V V R
V R R V V R
R R V V R R
R R V V R R
R R V V R R

Mot venstre.

V V R R V V
V V R R V V
V V R R V V
R V V R R V
R V V R R V
R V V R R V
R R V V R R
R R V V R R
R R V V R R

R=1 rett, V=1 vrang

På dame størrelsen har eg strikka mønster ca 18 ganger og på herre ca 20 ganger, (smaksak) før helfelling.

Hel: Strikk glattstrikk på 2 av pinnane ca 5-6 cm. Strikk til 6 (7) masker gjenstår i den eine sida på pinnen, snu og strikk til 6 (7) masker gjenstår på den andre sida, snu og strikk til 1 maske før snuing, løft denne løst av, strikk 1 rett, løft den løse masken over denne. Snu og strikk til 1 maske før snuing, strikk 2 masker vrang sammen. Fortsett å strikke 1 maske på kvar side av «hullet» til alle maskene er avfelt.

Plukk opp 10 (11) masker på kvar side av helen. Strikk glattstrikk rundt og fell 1 maske i kvar side annen kvar omgang 46 (50) i alt. (Eg bruker 2 masker mindre under foten). Strikk glattstrikk under foten og mønster på oversida av foten. (2 pinner glattstrikk, 2 pinner mønsterstrikk). Strikk til ønsket lengde, ca 20 (22) cm, eller til ca 3 cm før ønsket lengde.

Tåfelling: Strikk glattstrikk (ikkje mønster) 3 masker, strikk sammen 2, fortsett slik rundt. Strikk 3 omganger uten å felle. Strikk 2 masker, strikk sammen 2 fortsett slik rundt. Strikk 2 omganger uten å felle. Strikk 1 maske, strikk sammen 2, fortsett slik rundt. Strikk 1 omgang uten å felle. Strikk 2 og 2 masker sammen rundt, gjenta dette 1 omgang til, klipp av tråden og dra denne gjennom resterende masker.

Ved spørsmål eller uklarhet: ellinor.kvammen(at)tussa.com Bytt at med @.

Eg har ikkje komponert mønsteret Spiral sjølv, men dette er ein egen komponert variant av Spiralsokker. Lykke til 🙂

And here is the english version «translated by ‘shea'». :

Translation by Shea Sent at 12:14 AM Today Vær så god! I’m guessing you have knit socks before so things like the heel shaping should be familiar to you. Good luck and let me know if anything is unclear.

-Shea

Spiral Socks Yarn: Sandnes Robust, approx. 3 skeins. Needles: 3.5 mm

For women (men): Cast on 48 (52) stitches, distributed evenly on 4 needles. Knit 4 – 5 cm (about 2 inches) in K1, P1 ribbing. Knit 3 rounds of K2, P2 ribbing before starting the charts:

«Mot høgre» means to the right, «Mot venstre» means to the left. She has knitted the right sock with the chart «Mot høgre» and the left sock with the chart «Mot venstre». On the charts, «R» means «Knit» and «V» means «purl».

For the women’s size she has knitted the chart approx. 18 times, and for men about 20, before shaping the heel.

Heel: Knit stockinette on two o the needles for about 5 – 6 cm (just over 2 inches). Knit until 6 (7) stitches are left on the one side of the needle, turn and purl until 6 (7) stitches remain on the other side; turn and knit until 1 stitch before the turn, slip that stitch, knit one, then pass the slipped stitch over, turn. Turn and purl until 1 stitch before the turn, purl two together. Continue this pattern until all of the stitches are used.

Pick up 10 (11) stitches on each side of the heel. Knit stockinette around and decrease 1 stitch on each side every other round until you have 46 (50) total. Knit the bottom of the foot in stockinette, and the top in pattern until the sock is the desired length.

Toe shaping: All in stockinette. Knit 3, K2TOG around for 1 round. Knit 3 rounds without decreasing. Knit 2, K2TOG for 1 round. Knit 2 rounds without decreasing. Knit 1 K2TOG for 1 round. Knit 1 round without decreasing. Knit 2, K2TOG, K2TOG 2 rounds, cut thread, and draw thread through the remaining stitches.

*For children’s sizes: 2-4 years (6-8 years) 10-12 years: Cast on 36 (40) 44. Knit about 16 (14) 18 (I think this was a typo in the original; it would make more sense if it was 14 (16) 18) cm before the heel. Knit the heel about 4 (5) 5 cm, shape as described, but with 5 stitches before turning. Pick up 8 (8) 9 stitches, knit around. Decrease on every other row until 34 (38) 42 stitches remain and knit for about 14 (16) 18 cm before decreasing for the toe. On the smallest size, decrease the toe from knit 2 K2TOG etc. She hasn’t tried these in children’s sizes yet, though, this is an approximation.

From: eaglechic re: Norwegian pattern? Sent at 12:13 PM Yesterday Yeah!! thank you! 🙂 reply save trash

Published in: on oktober 23, 2007 at 20:13  Comments (14)